Intervju med PPU-student Kenneth

PPU-student Kenneth er gartnar og arborist. Dei siste fire vekene har han hatt praksisplass hjå oss, som ein del av utdanninga for å bli lærar i naturbruk.

Kva var det som drog deg til økoskulen?
 – Eg har høyrt og lest masse om SJH i mange år, utan nokon gong å ha vore her. Eg har óg lese mykje bra om Nat [mangeårig lærar på skulen, red.anm]. Vegleiaren min kjende ein anna lærar, Mathias, som eg har snakka ein del med før eg kom hit. Hans interesse for jordliv er noko eg deler. Han har mykje kunnskap om emnet og gjorde Aurland endå meir appellerande. Og så visste eg sjølvsagt at det var fint i Aurland.

Korleis har det vore?
-Det har vore særs spennande. Eg er veldig takksam for vegleiarane mine her, Kristin og Marco. SJH er verkeleg ein fantastisk skule i verda. Her finn ein balansen mellom å ha moglegheita til å lære noko og å sette det ut i livet. Det er eit springbrett som kan bringe deg vidare inn i eit godt liv.

Er det noko spesielt herfrå du vil ta med deg heim att (utanom fine bilete til instagram)?
-Eg vil ta med meg kompleksiteten her. Det kan vere utfordrande å formidle handverk, men eg har med mine eigne augo sett korleis det kan gjerast på ein god måte. Handverksformidling er jo viktig for heile nasjonen. Og kva er ikkje landbruk, om ikkje det å vere ein handverksmeister på mange ulike område? Eg har tru på at gardar i framtida blir endå viktigare som sosiokulturelle lære- og arbeidsfellesskap. Dei små gardane tilbyr jo alt det menneska eigentlig vil gjere: Arbeide saman og ete saman.

Kjem du tilbake til Aurland?
-Eg skal tilbake, og har avtalt med min gode ven Knut Fredrik å fiske ørret saman til sommaren.

Foto og tekst: Otilie Stokseth