
Ei samla ostenæring jublar på veg over målstreken. Mangeårig laginnsats har sikra framtida. Til hausten startar Fagskulen Vestland studietilbodet Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.
Ein milepæl er nådd. Handverksysteria har vore svært sårbare, og avhengig av nokre få eldsjeler for å sikre rekruttering og kompetanse. Med fagskuletilbodet kan vi endeleg senke skuldrane og heve blikket. Det ambisiøse målet om fast plass i verdstoppen er innan rekkevidde, seier Turid Nordbø, leiar i Norsk Gardsost.
Med over hundre ysteri i ryggen har Noreg feira medaljedryss i dei siste åras oste-VM. Trass stor auke i talet på verksemder, god vekst i mange marknadskanalar og positiv medieomtale av «den norske osterevolusjonen», har næringa lenge mangla eit solid utdanningstilbod. Alle meieriskular er nedlagde og meieriutdanninga ved NMBU er nedbygd.

Kompetansenettverk Lokalmat Vest har i 20 år hatt ystekurs på Sogn Jord- og Hagebruksskule. Dei siste åra har kursa vore fullteikna med venteliste. Dette er gode kurs, men for å bygge og drive ysteri er tre veker med utdanning langt ifrå tilstrekkeleg, seier Nordbø.
Til hausten kjem det etterlengta utdanningstilbodet. Fagskulen Vestland startar fagskuleutdanninga Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling i samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) i Aurland og Trøndelag høyere yrkesfagskole (THYF) avd. Trondheim. Det vert eit nett- og samlingsbasert årsstudium over to år.
Utdanninga rettar seg mot dei som driv eller er tilsette på handverksysteri, dei som ynskjer å starte ysteri eller jobbe hjå andre og produksjonsmedarbeidarar ved større meieri, avsluttar Nordbø.
Studiestadane utfyller kvarandre. THYF har eit treningsmeieri med litt meir industriell tilnærming, i tillegg til fagkompetanse på mjølkeforedling, økonomi og marknadsføring. Ysteriet ved SJH er nyleg oppgradert til eit romsleg og moderne produksjons- og undervisningslokale. Skulen sit også på fagkompetansen og erfaringane frå 20 år med kurs og rettleiing. Heile den omfangsrike drifta ved SJH er økologisk sertifisert. Fagskulestudentar som er nysgjerrige på økologisk drift og foredling kan dermed hente rikeleg med informasjon og inspirasjon.


Utdanninga fyller ei viktig rolle for noverande og kommande tilsette i meieriindustrien, anten det er snakk om små eller større ysteri. Formatet med samlingar over to år egnar seg godt for dei som er i jobb. Studiet er eit viktig tiltak for å styrke fagkompetansen på ost og ysting, og vil bidra til å auke fagstoltheita og kvaliteten på norsk ost på tvers av meieri-Noreg, seier Kjetil Holstad, leiar for Fagavdeling ost og fett i TINE.
For å søkje på fagskuleutdanninga, må ein ha fullført vidaregåande skule innanfor restaurant- og matfag eller naturbruk, eller ha relevant yrkeserfaring. Det er ikkje krav om generell studiekompetanse. Dei som fullfører utdanninga, får ein fagskulegrad i handverksysting og får tittelen ysteteknikar.
Bakgrunnen for fagskuleutdanninga i handverksysting er eit sterkt behov frå næringa. Studieplanen er utarbeidd saman med eit fagleg råd beståande av:
- Norsk Gardsost
- TINE SA
- Rørosmeieriet
- Norsk Meieriteknisk Forening
- Kompetansenettverk Lokalmat Vest
- Norges Bondelag
- Norsk Bonde- og Småbrukarlag
- Ystebui
Meir info om utdanninga på sjh.no
Meir info om utdanninga på fagskulen.no
Dersom du har spørsmål, kontakt Sogn Jord- og Hagebruksskule ved prosjektleiar Bjørg Fritsvold: Bjorg.Eldri.Fritsvold@vlfk.no / tlf. 958 48 870

Tekst: Spira Svendsen
Foto: Otilie Brubæk Stokseth, Osteglad, Dora Bouman