Erasmus+ Partnership: Cultural Innovation through Ecopreneurship in Sheffield

Deltakarar frå Island, England og Norge på trappa til Freeman college.

Børre Solberg, Gry Tokvam, Jorunn Barane og Marianne Skudal ved SJH har saman med andre deltakarar frå NMBU (Ås), Ruskin Mill Trust (UK), ALTA consulting (IS), Snæfellsnes Regional Park (IS) og Nord University (Bodø) delteke på Ecopreneurship workshop i Sheffield 22. – 26. nov. 2021.

Workshopen var den første av fire samlingar i eit nytt Erasmus+-prosjekt SJH deltek i. Prosjektet har som målsetting å utvikle ein modell for kulturell innovasjon i økologisk entreprenørskap. Å dele og utvikle metodisk kunnskap og erfaringar for stadbasert læring gjennom samarbeid mellom skoler, lokalsamfunn, organisasjonar, sosiale og kulturelle entreprenørar er verdifullt for utvikling av berekraftige samfunn.

Freeman college (Ruskin Mill Trust) er ein vidaregåande skule i Sheffield som tilbyr utdanning for unge menneske med lære- og åtferdsproblem.

Butcher works, eit restaurert metall- og slipeverkstad som har historisk og arkitektonisk verdi i byen er ein del av colleget. Her får unge menneske føre Sheffield sin tradisjon vidare saman med utdanna handverkarar med produksjon av sylv- og ulike typar metallarbeid. Bygningen er estetisk innbydande med både verkstader, kafé, handverksutsal og ulike typar opphaldsrom.

Holistisk tankegang etter Rudolf Steiner metoden er grunnlaget for læring og aktivitetar ved Freeman collage. Gjennom kunnskap og praktisk erfaring med kunst og handverk, handel, biodynamisk landbruk, ernæring og miljøvitskap skal elevane lære å få tru på seg sjølv og «sjå» sine evner slik at dei er rusta til utdanning og arbeid. I følgje Aonghus Gordon, grunnleggar av Ruskin Mill er “[…] works with hand, head, heart and place to provide students with the tools to transform material and in doing so transform themselves.” (Gordon, 2021)

Praktisk arbeid på ulike verkstader er ein del av opplæringa til elevane. På bileta under fekk vi deltakarane i Erasmus+  jobba både med toving og musikkomposisjon. Desse aktivitetane gir høg meistringsgrad og innbyr til skaping og kreativitet hos elevane.

På garden High Riggs får elevane sosial trening og verdifull kunnskap om biodynamisk dyrking. Ferske grønsaker, urter, bær og frukt blir levert til kantina ved colleget, Fusion Cafe og som grønsakskasser til privatkundar og til Sheffield kommune. Produksjon av eplesaft levert på flasker var om lag i same målestokk som på SJH. Nokre sauar og geiter lever lukkeleg i eit innhegna område med utsyn mot vakre Peak District. Også stell av høner er daglege arbeidsoppgåver for tilsette og elevar.

Kafeen Fusion på Freeman var open for publikum kvar vekedag. Her jobba elevar saman med kjøkkenpersonalet og fekk ein allsidig praksis. Tilbodet var basert på lokale råvarer frå High Riggs, eit stort utval av ulike grønsaker. Tilbodet i kafeen held høg standard, stort utval av vegetariske rettar, noko med kjøtt/fisk og dessertar/kaker. Elevane deltok både i produksjon, servering og sal. Kafeen var fylgjeleg svært populær blant byens befolkning.

Vi hadde dei fleste måltida her og det vart ei smakleg oppleving, mykje i same kategori som smakane på SJH sitt kjøkken, i tillegg til engelske paiar og kaker i stort monn.

Ved sida av kafeen er det eit handverksutsal, der lokale produsentar sel smykke, biletkunst, ullprodukt og matprodukt m.m.

Aonghus Gordon heldt foredrag om ‘Genius Loki’ og kor viktig det er å sjå på ressursane heilskap. Genius Loki er, slik vi ser det, staden sitt fortrinn, staden sine ressursar som er der og som inngår i historien til staden. For Sheffield sin del er Genius Loki metall. Der var stor metallindustri (stål) i byen, på bakgrunn av naturressursane i området ikring. Det er bakgrunnen for at metallarbeid er ein viktig del av aktivitetane på Freeman College; smykker, skåler, skeier mm, som elevar lagar og som lokale handverkarar produserer. Stålindustrien er historie, men stoltheita over denne tida viser godt att i bygningar og i gatebiletet elles, der ein m.a kan sjå ulike stålkonstruksjonar av kunstnerisk art. Eit anna fortrinn som Sheffield har, og som kan vera årsaka til at det er ein by i vekst, er nærheita til naturen og især nasjonalparken Peak District, med mykje skog, slettelandskap og åsryggar. Dessutan har Sheffield verdas eldste fotballklubb.

Foto: Jorunn Barane, Gry Tokvam og Marianne Skudal
Tekst: Gry Tokvam og Marianne Skudal