Tidlegare år har kjøkenet ved SJH arrangert julefrukost for alle elevane ved skulen, men i år ynskte kokk Elise Standal Moen at heile bygda skulle inviterast på julekvelds.
Kjøkenet ved SJH diskar opp med nydelege og varme rettar til elevar og tilsette kvar einaste skuledag. Stundom inviterast bygda til å smake den gode maten basert på økologiske råvarer frå garden. Sist gong var under økoveka i september. Elise fortel:
Det kom so masse positive tilbakemeldingar etter måltidet under økoveka at me hadde lyst til å invitere folk på nytt, denne gongen til julekveldsmat. Me ynskjer å skapa ein møteplass mellom skulen og folk i bygda.
Omtrent 80 personar var påmelde til kveldsmaten, og skulekantina fylde seg godt opp. På matbordet fann ein lammerull, leverpostei og sylteflesk laga av elevane i faget foredling, samt byggrynsgraut, brød, sildesalat og diverse ostar frå skulens ysteri. Til drikke kunne ein få plommegløgg og eplesaft, og til dessert var det vørter- og julebrød, samt peparkaker. Noko tradisjonelt for ein kvar smak.
Elise fortel at det er fint å få visa fram ulike måtar å bruke råvarene som produserast ved skulen og som kan kjøpast i gardsbutikken. I tillegg er det ein flott måte å handtera eventuelt overskot av råvarer som ikkje blir selde.
Anna Margrete Flåm og Ragnar Elias Nilsen, som sjølv gjekk på skulen på 70-talet, var fornøgde med kvelden:
Det har vore eit fantastisk arrangement med jordbruksskulen som sentrum og vertsskap, det gjer eit naudsynt fokus på økologisk og variert kvalitetsmat, samt at me fekk prata med mykje kjekk ungdom.
Elise håpar å kunne invitera heile bygda oftare til bords. Båe for å vise fram det mangfaldet som finst på SJH av mat og menneskje, og for at elevar, tilsette og sambygdingar kan bli betre kjent.
Foto: Dora Bouman og Marianne Skudal
Tekst: Frøya Torvik