Folkekjøken i Aurland

Elevar frå SJH inviterte til folkekjøken på Raude Kross huset i Aurland onsdag 1. desember.

Med mål om å tilby eit sunt og rimeleg måltid til folk med dårleg råd, har folkekjøken vore halde heilt sidan 1800-talet i Noreg. I Aurland har det også vore arrangert folkekjøken fleire gonger tidlegare, med eit ønskje om å skape ein triveleg møteplass i bygda for folk i alle aldrar.

På grunn av corona har det lenge ikkje vore mogleg å halde folkekjøken. Men i haust tok ein gjeng elevar frå SJH opp igjen organiseringa. Med klasse 2 økologiske grønsaker frå skulen laga dei suppe og kålsalat. Med ingrediensar dei fekk i gåve frå lokale matbutikkar baka dei brød og kake. Alle i bygda blei inviterte.

Dei tre primære formåla med å arrangere eit folkekjøken er å skape eit sosialt mangfaldig samlingspunkt for befolkninga i Aurland, å tilby eit sunt måltid til alle som vil ha og å setje fokus på matsvinn.

Oliver Broskov Nielsen, ein av initiativtakarane

1. desember var det snø på bakken og kaldt, men faklar lyste opp vegen til Raude Kross huset. Lokalet fylte seg med omkring 40 gjestar, unge som gamle. På borda var det dekt på med lys og fruktfat, og praten gjekk mens suppa blei varm på komfyren.

I løpet av kvelden song og spelte Julie Kongsted Cordes og Suze Commandeur gitar og banjo, og Eirin Solli Skinnemoen las sitt sjølvskrive dikt «Moralpreken».

Det er ikkje kvar dag ein samlast med ukjende for å dele eit måltid, og kanskje kan den varme suppa og det gode samværet helde oss litt varmare når me går inn i årets mørkaste og siste månad.

Foto: Dora Bouman
Tekst: Frøya Torvik