STUDIEREISE – SMAKEN AV VESTLAND

Representantar frå lokalmatprodusentar og spisestader i Vestland har vore på studiereise og fagsamling i Flåm-Aurland-Lærdal. Studieturen er støtta av Vestland Fylkeskommune og Bergen kommune. Dei vitja Sogn Jord- og Hagebruksskule tysdag 26. oktober. På skulen fekk dei lære om blant anna kompostering, ysting, hagebruk og ikkje minst fekk dei omvising i gardsbutikken.

Rektor Børre Solberg tok vel imot dei besøkande og fortalde om det økologiske klasserommet for elevane som er skulegarden og viktigheita av levande og næringsrik jord som er grunnlaget for alt som veks.

På kompostplassen forklarte Mathias Lehrmann prosessane for korleis biologisk kompostering skjer. I følgje Mathias er heile verda oppteken av kompost som berekraftig tiltak for kloden vår då det gir eit meir stabilt karboninnhald i jorda og eit sunnare mikroliv. Utvinninga av biokol ved Sogn Jord- og Hagebruksskule er òg ein klimavenleg metode for dyrking som kan auke jorda si evne til å lagre karbon og på den måten kompensere for klimautslepp.

I marknadshagen var det framleis eit mangfald av ferske grønsaker og blomar. Eit  vakkert syn med variasjon av både bærbusker, blomar, jordbær, urter, grønsaker, m.m. Hagebrukslærar Monica Gjesdal Larsen fortalte entusiastisk om korleis elevar og tilsette forvaltar jorda etter regenerative metodar og om hagen som undervisningsstad, og som leverandør av grønt til lokale reiselivsbedrifter, marknader og gardsbutikken. Kunnskap om økologiske dyrkingsmetodar, innsats og kjærleik – sikrar kvalitet og smakfulle sunne vekstar av ulike slag.

Linn Skjærlund synte stolt fram Sogn Jord- og Hagebruksskule sitt moderne ysteri og lista opp alle variantane som blir laga, blant anna salatost, kremost, camembert, blåmuggost, rømme, yoghurt, smør m.m. Nydelege smaksprøvar både av gamalost og ost laga av geit/ku gav meirsmak. Heldigvis var det mogleg å få kjøpt med seg økologisk ost og andre godbitar frå gardsbutikken.