Av Ole Ramshus Sælthun Publisert: 03.10.21
Den kvite flekken i panna til oksekalven som vart fødd på Sogn jord- og hagebruksskule har perfekt hjarteform. No spørst det om den blir avlsokse eller biff.
– Eg kan jo heilt klart ikkje driva gard, for eg hadde ikkje klart å slakta eit einaste dyr. Men eg vil sjå den slaktaren som klarar å setja eit skot i hovudet på den der, det trur eg ikkje at nokon klarar. Eller, det er vel berre eg som er så sentimental, seier Linda Oline Notøy.
Førre helg var det open økologisk gard på Sogn jord- og hagebruksskule. Dette var starten på Økoveka, eit årleg arrangement i regi av skulen med ulike seminar, kurs og sosiale tilstellingar. Les heile saka i Sogn avis (+abonnement) her