OPEN ØKOLOGISK GARD OPNAR ØKOVEKA AURLAND 2021

ØKOVEKA 2021 i Aurland vert arrangert for andre gong. Opninga av ØKOVEKA AURLAND er laurdag 25.september med open økologisk gard. I veke 39 har vi fleire ulike arrangement som alle som ynskjer kan delta på.

Kvart år, i veke 39, feirar vi økologisk mat og landbruk over heile landet. ØKOVEKA er ei feiring av norsk økologisk mat som formidlar både råvarer, kunnskap og inspirasjon. Veka viser mangfaldet av landbruk- og matproduksjon i Noreg og knyter det til folk sin kvardag. I løpet av ei veke samlast folk til kurs, seminar og andre arrangement både av teoretisk og praktisk natur. Ein kan bli med på gardsmarked, få smaksopplevingar i ulike former og mykje meir. Denne veka kan du lære om -, bli inspirert og praktisere økologi. Du kan lese meir om økoveka her