Jordfruktbarheit og karbonbinding

Fres som blandar jord og plantematerialet for etablering av meir humus.
Foto: Monica Gjesdal Larsen

I ein treårsperiode har Sogn Jord-og Hagebruksskule i samarbeid med fleire, gjennomført eit jordfruktbarheitskurs.

Sentralt i prosjektet stod målet om å prøve ut nye praksismetodar for å auke jordfruktbarheita og styrke humusoppbyggjande prosessar i alle ledd av ei allsidig gardsdrift. Gjennom utprøving av nye metodar for gjødsling, gjødselbehandling, jordarbeiding og etablering av kulturar i åker, eng og veksthus blei det gjort mange nyttige erfaringar mot dette målet.

Prosjektet har ført til ei kunnskapsheving blant deltakarane om jordbiologiske, fysikalske og kjemiske samanhengar som dannar grunnlag for karbonbinding i levande jord. Det å legge til rette for stor mikrobiell aktivitet i jorda og ta vare på næringsstoffa i gardskretsløpet  er viktige fokusområder. Den praktiske sida av den økologiske gardsdrifta på skulen er i kontinuerleg utvikling. Les heile rapporten her

I samband med ØKOVEKA AURLAND vert det i samarbeid med Statsforvalteren i Vestland og Grønt Fagsenter i Buskerud arrangert eit seminar om levande jord på SJH. Sjå her for påmelding