Difor tok dei valet og starta på den spesielle skulen

UTDANNING: Carine Nilsen (31, t.v) frå Skien og Thea Falck (28) frå Fredrikstad har begge jobba ein del på gardar før, og no skal dei også utdanna seg innan økologisk jordbruk. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Mange spente elevar hadde sin første skuledag på Sogn jord- og hagebruksskule måndag. Her er elevar frå ulike land i ulike aldrar med ulike tankar og draumar. 

– Eg startar her fordi eg har store planar om å driva gard sjølv. Så har eg lyst til å driva velferdsgard ettersom eg har vernepleiar som bakgrunn. Å bruka det som behandlings- og miljøterapi, samstundes som eg kan ha gard, for eg likar veldig godt ideen om å vera sjølvforsynt og kunne gro eigne grønsaker, seier Thea Falck (28).

Ho er frå Fredrikstad og har i tillegg til å ta vernepleiarutdanninga jobba ein del på gardar tidlegare. Romveninna på internatet, Carine Nilsen (31) frå Skien, har også jobba på gardar både i inn- og utland, pluss at ho har jobba i butikk.

Men no er det altså Sogn jord- og hagebruksskule (SJH) som gjeld.

– Eg er interessert i økologi og dette er einaste økologiske jordbruksskulen i Noreg. Så eg har lyst til å læra korleis eg kan vera meir sjølvberga, og er nysgjerrig på gartnaryrket; det blir kanskje å retta det den vegen etter kvart, fortel Carine.

Les heile saka i Sogn avis (+abonnement) her