Nat, Bjørg og Thorvald: TAKK!

I ei tid av skifter finn ein Sogn Jord- og Hagebruksskule i sitt eige; eit generasjonsskifte. Om lag samstundes kjem no tida for å takke farvel tre bautaer som kvar har spelt store roller på økoskulen vår. Denne takken går ut til Nathaniel, Bjørg og Thorvald. De har vore med på å utvikla Sogn Jord-og Hagebruksskule til alt han er i dag.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Til vår kjære Nathaniel

Nathaniel, Nat, Kompostkongen, Meitemarken; kjært barn, mange namn.

Plante- og hagebruktimane med deg var alltid fulle av overraskingar. Du tok oss med ut i graset der du delte livsvisdom frå ei ny verd under føtene våre. Du introduserte eit stort kapittel i våre liv som du inviterte oss til å delta i med hender, auge, nase, hovud og munn. I timane delte du ikkje berre eit hav av kunnskap; du delte av deg sjølv. Du gjekk inn i timane dine i alvor og humor. Du var den læraren som kunne fortelje om medlemma av det vesle, store økosystemet i jorda og brått synge “Jeg er en liten flagellat”.

Av alle minne frå tida med deg, ligg mitt favorittminne i ein spadeprøve på Lunde. Du sendte jorda rundt slik at elevane kunne sanse ho medan du fortalde om aggregat og eksudat; du oppfordra oss til å verte kjend med hennar milde lukt og grynete konsistens mellom fingrane. Men sjølv om du er læraren med grasstrået i munnviken, var me ein heller perpleks gjeng då du byrja å fortelje om smak og, heilt kvardagsleg liksom, putta eit jordaggregat i munnen.

Takk vert eit svakt ord på papir, Nathaniel. Det var fyrste gong eg med viten smakte på jorda; på mange måtar vart det ein viktig augeblink for mi enno dynamiske jordreise. Du har spelt ei stor rolle i mange liv på SJH; over heile 600 elevar har blitt introdusert for livet i jorda gjennom di karriere på skulen. Det er mi tru at verda har vorte ein vakrare stad i takt med dine 30 år som lærar; ein sjeldan type vekst som kjem til å bere frukt og vekse vidare lenge etter oss.

Til vår kjære Bjørg

Til vår støttande og kunnskapsrike gardsdriftlærar; i mange år har du vore ei stødig hjelp gjennom forvalting og ein heil driftsplan. Du har jobba på skulen i 25 år, som lærar, rektor i åtte år, og i fleire andre viktige roller har du bidrege til at SJH er den skulen den er i dag.
Per dags dato er du endatil forfattar bak to av pensumlærebøkene på SJH: “Økologisk Plantekultur”, i sine to bind. Desse har vore med i skapinga av grunnlaget for utdanninga i økologisk landbruk.

Utan deg, Bjørg, hadde elevane ikkje visst kva påsett og målpris er for noko. Du har teke på deg den enorme oppgåva å leie ein heil klasse av naturmenneske på ei reise av dekningsbidrag, forvalting, økonomi og jordbrukspolitikk i planlegginga av eiga gardsdrift. Med omsorg og tolmod har du lært oss eit heilt vokabular av utfordrande jordbruksomgrep. For alt dette ser vi opp til deg med ærefrykt! Utan deg hadde me vore sjanselause berre i møtet med dekningsbidraga. Takka vere di utdanning har me som nyutdanna økoagronomar i det heile ei moglegheit til å forstå økonomien i eiga gardsdrift.

Du har evna til å halde ein mangfaldig klasse saman i finver og storm, og fagkunnskapane dine kan me som framtidsbønder ikkje klare oss forutan. Bakom den seriøse økonomen i deg kan ein skimte ein herleg humor og ei kvinne som reddar små grisungar frå å drukna i blautgjødsla. Du er slik ein herleg samansetnad av ei lærarinne; vi har vore heldige som har fått deg som vegleiar gjennom heile skulegongen på SJH.

Takk for deg, Bjørg!

Til vår kjære Thorvald

Til den stødige lærarkarakteren med det gode humøret og glimtet i auga. Læraren som tok oss med på naturforvalting i fjellet; jakt etter rein og grindbyggtømmer i skogen og seinare grindbygging i verkstaden. På fjellet skapte du minnerike eventyr. Du veit kvar villreinen er før han syner seg i horisonten. Du delte kikkerten med ein flokk på over 200 villrein i siktet, og leia oss til flokken på nært hald. Kveldane på hytta i Rausmesdalen var varme og fulle av minne. Du lærte oss begynnande knoppskyting i enga og lyden av ei slåttonn når vassprosenten er nett riktig. I grindbyggtimane fekk me kjenne kjensla av presisjon og meistring. I alle dine timar var det god stemning og ein kaffekopp å sjå fram til; anten blant stein og lav, eller blant ospeplank og sag.

Du har sikra skulen ei kvalitetsundervising i bygg, grindbygg, teknikk/maskin, jordarbeiding og slått, jakt, fiske og kjøtforedling innan faga produksjon og tenesteyting, yrkesfagleg fordjuping, plante- og husdyrproduksjon, utmark og kulturlandskap og næringsdrift.
Sagt med andre ord: Dei vakre grindbygga kringom Aurland og resten av landet, som du og elevane dine har bygd saman i dei 40 åra du har vore lærar, er langt frå det einaste som vert ståande att.

Takk for deg, Thorvald!