Mangfaldig fagtur

I skogen på baksida av fjøset fekk me helse på ammekyra av dei verneverdige rasane Sidet Trønder- og Nordlandsfe. Særleg kjekt var det å sjå samspelet mellom ku og kalv saman på beitet.

Inntrykka vart mangfaldige på fagtur med verneverdige ammekyr hjå Kjell Borge, regenerativ kornproduksjon på Nedre Skinnes Gard, føredrag om økologisk utegris og mjølkegeit med Sansegården Olavsbråten, omvising frå innsida av Sigdal Mølle og gartnarprat på De Haes Gartneri.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Det skal godt gjerast å vere meir takksame enn det Vg3-klassen var då fagturen 2021 var i boks, og me var på vegen i tre fulle skulebussar av forventningsfulle elevar, sekkar, smittevernsutstyr og økologiske råvarer frå gullkjøkenet. Med oss hadde me plantelærar Mathias og hestelærar Hannah.

Eit ammekufjøs med opne dører

Kjell fortel om ein flokk som har tilgang på frisk luft og D-vitamin heile året; ein flokk av god dyrevelferd og helse.

På garden til Kjell Borge vert me møtt av ein jovial bonde i føregrunnen av eit ope tallefjøs. Her ser me inn i eit fjøs med to opningar; gjennom dei opne dørene i enden av fjøset går kyra ut og inn som det passar dei. Hovudinngangen bak Kjell gjer det mogleg å kome til med traktor, slik at Kjell kan vende komposttallen saman med sjølvbrygga ferment, sjølvbrent biokol og steinmjøl med jamne mellomrom. Fermentet inneheld gjærsoppar, mjølkesyre- og fotosyntesebakteriar som stabiliserer det mikrobielle miljøet i jorda i ei reduktiv retning, og dannar eit probiotisk mangfald av bakteriar som fordriv den patogene mikrobiologien og andre skadelege organismar. Biokolet og steinmjølet med sine store overflateareal, fungerer som heim for mikroorganismane i jorda; dei bind til til seg næringsstoff og dei fine partiklane i jorda, og har evne til å gje desse frå seg ved behov. Ein underjordisk sparebank, med andre ord! Biokolet spelar dessutan ei enorm rolle i kampen om karbonbinding i jorda. På heimebane har SJH vore aktiv medverkar i det heite prosjektet “Karbon på rett veg”, der biokolet spelar ei nøkkelrolle. Steinmjøl brukast også som langtidsverkande gjødsel, og er ein ressurs me finn i rikt monn i Norge. “Det handlar om å sikre at mest mogleg av ressursane frå kyra, hamnar i jorda”, seier Kjell.

Kjell har drive ammekudrift med rasane Sidet Trønder- og Nordlandsfe sidan våren 2007. Den gongen fekk Kjell høyre at han måtte vere “koko” som velte å gå over til kyr med ein relativt liten kjøtfylde. Med omsyn til Sidet Trønder- og Nordlandsfeet si evne til ressursnytting og landskapspleiing, og medfølgande statlege subsidiar for verneverdige rasar, fortel Kjell at rekneskapet går i hop likevel.
Fjøstallen er samansett av ei blanding på om lag 50/50 halm og grovflis, som Kjell hoggar, ryddar og flisar sjølv. Kvart år produserer Kjell om lag 30 kubikk flis frå eigen skog. Riktig samansetning av talla og jamn vending fører til ei god varmdanning som sikrar lune liggeplassar sjølv på dei kaldaste vinternettene, og ei hurtig omdanning heile året. I dag komposterast all husdyrtalla før ho vert tilsett jorda. Då er næringsstoffa godt omdanna og tilgjengeleg for mikroorganismane. Kjell fortel at det omtrent berre er fantasien som set grenser for ingrediensane i komposthaugen hans. “Eg har heilt dilla!”, ler han; fritida brukar Kjell på aktivitetar som å springe kringom i bygda for å slå brennesle til fjøset og oppformeire soppkulturar og mikroorganismar i tønne.

Nedre Skinnes Gard

Bøndene på Nedre Skinnes Gard og vertane på studieturen vår; Live og Kristoffer Svalastog Skinnes.

Me vart tekne varmt i mot i ein vedfyrt lavvo på Nedre Skinnes Gard. Garden har drive kornproduksjon av gamle kornsortar i ni år; i dag vert kornproduksjonen på deira 315 mål med dyrka mark drive etter regenerative prinsipp. Kristoffer og Line driv også skogproduksjon og husdyrhald av ullgris og gammalnorsk spæl/pelssau. Basen er ein del av eit relativt ferskt holistisk landskapshotell-konsept som ligg idyllisk til ved strandkanten av Krøderfjorden.

Kristoffer S. Skinnes forklarar korleis ein sju trinns dyrkingsprosess ser ut i praksis.

Kristoffer deltok på jordfruktbarheitskurset til Vitalanalyse i 2017, og vidareformidla til oss dei regenerative prinsippa i sitt føredrag om regenerativ kornproduksjon. Me fekk høyre meir om overflatekompostering og direktesåing som eit alternativ til pløying. Auka kunnskap om mikroliv og verknaden plogen har på det biologiske mangfaldet i jorda, gjer regenerative metodar som overflatekompostering og direktesåing til spanande tema. Ved ei overflatekompostering slår ein ned den avsluttande veksten og fresar grønmassen laust med jord og ferment for optimal omdanning av grønmassen og binding av blant anna nitrogen og karbon i dei levande mikroorganismane i jorda. Kristoffer overflatekomposterer med ein L-fres to gonger; den siste like før såing. Han fortel om den grøne brua i kornåkeren; ein underkultur som anten kan fresast ned med ferment eller slåast til fôr. På gardsomvising får me sjå den syrefaste, isolerte mjølketanken som Kristoffer brukar til å produsere sitt eige ferment. Vaskepumpa på mjølketanken brukast til å pumpe ut ferment til ei gamal åkersprøyte. Eg vert glad av å tenke på denne sprøyta, som tidlegare lukta glyfosat og no luktar mjølkesyrebakteriar.

Sansegarden Olavsbråten

Kristoffer gjev ordet vidare til drivarane av Sansegarden Olavsbråten. Bjørnstjerne og Veslemøy fortel om deira reise etter endt skulegong på SJH; overtakinga av ein falleferdig gard som dei no har gjort om til geitebruk på 60 mål med tilhøyrande ysteri. Målet deira har alltid vore å leve av garden og deira eigne ressursar. “Me tenkjer ut frå dei ressursane me har, og så gjer me det alle andre tenkjer er umogleg”. Bjørnstjerne og Veslemøy vel å vidareføre seterdrifta på Norefjell når alle andre i bygda har gjeve henne opp. No har dei bygd ysteri der med hjelp av helikopter, og starta opp økologisk svineproduksjon hovudsakleg som ei berekraftig ressursnytting av mysa som restprodukt frå ysteriet. Grisen nyttar nemleg myse som fôr; slik kan eit restprodukt verte ein verdifull ressurs og langt på veg erstatning til kraftfôr. Frå den lokale mølla, Sigdal Mølle, får garden kli og andre restar som eignar seg godt til vedlikehaldsfôr til purkene. Per dags dato har Sansegarden 30 purker på eigne og overnemnte fôrressursar.

Bjørnstjerne og Veslemøy delar driftserfaringar på godt og vondt. Nokre av hovudutfordringane er inngjerding av ein vilter utegrisflokk, utfordringar med jording og fôrautomatar når det vert kaldt og frys til, og eit nytt og relativt lite fagmiljø for økologisk utegris. Utegrisane har alltid tilgang på halm og rundbogehallar som dei kan grave seg ned i. Veslemøy fortel spøkefullt om den tilsynelatande eigne rasen “gjørmegris”, som dei får når veret vert særleg fuktig. Me fekk gode tips om å plassere rundbogehallane på dei tørraste stadane på garden, gjerne langs skogkanten, då vatn lett renn ned i desse og aukar faren for soppdanning. Elles delte Bjørnstjerne erfaringar frå kastrering, brunst, inseminering, grising, avvenning, diverse snyltarar og vaksinasjon. På Olavsbråten foredlar dei geitemjølka og slaktar kje sjølv. Særleg inspirerande var videoen dei delte om kastrering; her har me bønder som verkeleg tek dyrevelferden på alvor. Eg har i alle fall aldri før sett ei kastrering av grisungar som har gått så stille og fint føre seg. Under videoen kjende eg på ein optimistisk tanke om at “Ja, slik vil me ha det!”.

Økologisk Spesialkorn

(Sigdal Mølle)

Visste du at kvar einaste kornpakke frå Økologisk Spesialkorn, er pakka for hand?


På Sigdal får me sjå ei heil mølle frå innsida. Guiden vår, Rune Henninen, er dagleg leiar på Sigdal Mølle. Han kan fortelje at mølla er eigd av 20 bønder som kjøpte mølla saman, og at dei ynskjer fleire økologiske kornprodusentar velkomen. Her er det fokus på kvalitet, pakkane med korn ber namnet “Økologisk spesialkorn”, med teksten “for din helse og ditt miljø”. I den vesle møllebutikken sel dei gamle kornsortar som svedjerug, spelt, enkorn, vårspelt, landkveite og emmer, samt diverse lokalproduserte varer. Dagleg leiar fortel at det er vårspelten som sel best. Dei gamle ursortane er rikare på næring og mildare på gluten enn dei moderne kveitesortane som dominerer butikkhyllene i dag.
Opplysningskontoret for brød og korn melder at det har vore ei solid auking i økologisk kornproduksjon, frå om lag 2000 tonn i 2002 til om lag 15 000 tonn i 2017. Det er likevel ein svært liten prosentdel av den totale kornproduksjonen. For tre år sidan, i 2018, stod økologisk produksjon for 1 % av den totale kornproduksjonen i landet. Økologisk kornproduksjon er heldigvis på veg opp i takt med kunnskap om helse og miljø. Du skal heller ikkje sjå bort frå at me har nokre inspirerte økologiske/regenerative kornprodusentspirer i klassen!

De Haes Gartneri

Mellom tusenvis av grøne plantar får me høyre historia om De Haes Gartneri; eit økologisk, familiedrive gartneri på Hadeland. Her produserer dei eføy, grønsaker, plantar og urter. Gartneriet starta si historie i 2002 med eit drivhus på snaue fire dekar. Gartneriet fekk økologisk godkjenning i 2008. For ein agronomstudent er det spanande å høyre om korleis dei i gartneriet førebygger ein larveåtak frå hærmygg med gule limfeller, vatnar med nematodar mot larver og strør rovmidd mot larver. Gartnarane delte òg erfaringar med omsetjing, arbeidstoppar og arbeidskraft, oppal, jord, sjukdomsførebygging, ressursnytting og samarbeid med naboar, samt organisering av kjøkenhagekurs i gartneriet.

Frøa spirar på gartneriet på Hadeland; inspirasjonen veks i SJH sine økospirar. Etter fagturen sit me att med eit mangfald av inntrykk og inspirasjon. Regenerativ spire, gartnarspire, ammekuspire, ystespire, generell bondespire; fagturen har gjeve oss eit bilete av alle moglegheitene som avgongsklassen no er i ferd med å gå inn i.

Livet er grønt!

Galleri