Ledige stillingar i Spiren Gardsbarnehage

Spiren Gardsbarnehage SA er ein privat, Steiner-inspirert barnehage som ligg midt på gardstunet til Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland. Spiren har 24 plassar, frå 0-6 år. Vi held til i eit gamalt sjarmerande trehus, og har fjord, fjell og skog som næraste naboar. Vi følgjer årstidene og livet på garden, og er mykje ute i naturen. Vi et økologisk mat, og mykje av maten kjem rett frå garden. Vi har årstidsfestar som til dømes Mikkelsmesse, Lanternefest, Adventshage og Solfest. Årstidsbordet speglar året sin gang.

Vi søkjer ein styrar i fast 100% stilling.

Vi søkjer 2 pedagogiske leiarar, kvar i 100% stilling. Vikariater, grunna foreldrepermisjon.

Tiltredelse snarest.

Spiren er medlem i Private Barnehagers Landsforbund, og følgjer deres tariff.

For meir informasjon: http://sjh.no/livet-pa-skulen/gardsbarnehage/

Dette er ein jobb for deg som ynskjer å arbeida med natur og gardsrelaterte aktivitetar i lag med barna. Aurland er ei lita bygd med eit ungt miljø, og kan by på fantastiske turmoglegheitar for dei som likar det.

Søknad sendast: spiren.barnehage@gmail.com

Frist for søknad: 20. mai 2021

Kontaktperson: Audhild Bjune, styrar. Telefon: 91399375 Epost: spiren.barnehage@gmail.com