Mange gode grunnar for å drive med økologisk frukt

Nikolaj Busk Andersen ved Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland.
Foto: Marianne Bøthun

Artikkel frå Norsk Landbruksgiving Vest 16.12.20, av Marianne Bøthun

Sjå heile artikkelen her: https://vest.nlr.no/fagartikler/oekofrukt/

Kva grunnar er det for å byrje med økologisk frukt? Kva er føremon og eventuell ulempe? Optimisme og framtidstru rår grunnen og det er planta mykje nytt etter moderne tettplantingsprinsipp siste åra. Litt uklare signal om økologisk drift, samt utfordringar med ymse skadegjerarar, uroar derimot litt.

Ny giv for eldre hage med ny ansvarleg

Nytilsett fruktansvarleg Nikolaj Busk Andersen ved Sogn Jord- og  Hagebruksskule i Aurland, er godt nøgd med avlinga i år og feltet såg bra ut.

Hagen hadde store utfordringar med tegeskade på bladverk og frukt, men fleire sprøytingar med vegetabilsk olje gjennom sesongen, såg ut til å ha god effekt. Lenge håpa ein at oljesprøytingane også skulle ha gunstig effekt på rognebærmøllen i eit angrepsår som i 2020, men det vart likevel mykje utsortering grunna stikk på baksida av epla.

Økologisk demonstrasjonsfelt à la 2004

Eplehagen tilknytt jordbruksskulen er på kring 23 dekar og vart planta i 2004, etter den gong gjeldande råd, med avstand 1,5 x 4 meter mellom tre og rekker. Plantinga er med ein støttestolp for kvart enkel tre og dryppslange lagt under Mypex-duken i trerekkene i trerekkene, for å lette arbeidet med ugras. Hovudsortane er Discovery og Raud Aroma av klon Ylvisåker, med Tohoku2 som støvsort og godt eigna til eplejuice.

Feltet vart planta som eit industrifelt med kontraktlevering til Balholm i Balestrand. Alle tre sortane er kombisortar godt eigna til både konsum og juice, samt tilrådde til økologisk drift. Frå feltet er det seinare år også levert konsumfrukt til Sognefrukt for vidaresal til Gartnerhallen/Bama. Høgare del klasse 1 frukt gjev betre økonomi i dyrkinga.

Økologisk ubalanse?

Feltet i Vinjane har, trass lite sprøyting, klart seg bra med omsyn til skurv og sjukdom. Det var også lite problem med insekt første åra. Etterkvart auka det med tegeskade både på bladverk og avling. Dette medførte lite avling og stor utsortering av eple. Det er usikkert kva som utløyste tegeproblema, men mykje ugras i feltet og i kantsonene kring feltet, kan ha hatt negativ påverknad. Feltet ligg også ganske tett på skog.

Heilt frå etableringa av feltet har det vore fuglekassar både i og kring feltet, då småfuglar kan ete mange gonger si eiga vekt med insekt gjennom ein vekstsesong. Nytt av året er også flaggermus-kassar rundt feltet i håp om at flaggermusene skal ete ein del nattaktive insekt. Kassane har innflyging i botn og hengevegg i toppen innvendig. Til og med Batman-logoer på plass på fronten av kassane.