I Landbruksdirektoratet sitt Nasjonale program for jordhelse oppfordrast det til å danne regionale nettverk som kan testa ut jord- og klimaforbetrande tiltak på gardsnivå i eit fellesskap av bønder.
Sogn Jord- og Hagebruksskule har dei siste 4 åra arbeida med temaet jordfruktbarheit og utprøving av ulike tiltak i produksjonen.
Følgjande tiltak er særleg knyta til:
- Gjødselhandtering og kompostering
- Mineralsk utbalansering og jordprøvetaking med fokus på mikro-næringsstoffa og jordbiologi
- Redusert jordarbeiding og mikrobiell prosess-styring i forbindelse med fornying av eng og jordarbeid i åkerkulturar
- Bladgjødsling og tiltak for optimalisering av etablerte kulturar
- Produksjon og bruk av biokolSogn Jord- og Hagebruksskule har teke initiativ og fått midlar til å undersøkja moglegheitene for å danne eit nettverk i Vestland som kan prøve ut og gjera seg erfaringar med tiltak som fremmer jordhelsa og landbruket sitt klimaavtrykk. Vi har i det videre arbeide valt å kalla dette regenerative metodar som ein samlebetegnelse. Vi søkjer i den forbindelse gardsbruk som vil være med å utforme og delta i eit nettverk.
Målsetjinga er å lage eit 3-årig prosjekt som involverer kursing, utprøving og erfaringsdeling blant deltakande garder. Det vil bli rekruttert frå eit bredt spekter av produksjonar (økologisk og konvensjonelt) som avspeglar mangfaldet i fylket slik at det kan lagast mindre arbeidsgrupper delt opp i følgjande kategoriar:- husdyrbruk
- frukt og bær
- grønsaker/gartneri
Målet er å få til ei ordning der utstyr kan prøvast ut og bønder får moglegheit til å gjera seg eigne erfaringar, dele dei med eit nettverk , og på den måten utvikle drifta på garden i eit miljø der fokus er på praktisk utprøving og dyrkingsmetodar. Der er planen å invitere inn rettleiar og kurshaldar som kan bidra til utvikling og stimulering innan i nettverket.
Det vil vere naturleg å etablere eit samarbeid med Høgskolen for Grøn Utvikling i Rogaland, som har sett i gang eit liknande prosjekt2.
Som det går fram av overskrifta, er dette brevet ein invitasjon til bøndene i Vestland om å delta i prosjekt og nettverk. Håpet er at mange vil søkja om å få ta del i dette utprøvingsarbeidet.
I søknaden er det fint med ei beskriving av gardsdrifta, utfordringar i drifta og spørsmål ein vil at prosjektet skal fokusera på. Tanken er at alle møtest på ei samling på SJH i løpet av sumaren/hausten 2021, for å planlegge gjennomføring av prosjektet, samt setje saman arbeidsgruppene i dei ulike kategoriane.
Respons, tilbakemeldingar og søknader frå interesserte parter sendast til representantar frå prosjektgruppa:
Mathias Lehrmann, kontaktperson Sogn Jord- og Hagebruksskule
E-post: mathias.lehrmann@vlfk.no / tlf: 467 60 637
Leif Grutle, fylkesleiar Hordaland bonde og småbrukarlag
E-post: leif.grutle@haugnett.no / tlf: 986 39 004
Marco Neven, fylkesleiar Sogn bonde og småbrukarlag
E-post: sognebia@frisurf.no / tlf: 901 08 484