Sogn Jord- og Hagebruksskule søker ny rektor

Søk på stillinga


Sogn Jord- og Hagebruksskule ligg sentralt i Aurland kommune, og er ein vidaregåande skule med landslinje i økologisk landbruk med plass til 52 elevar. Eit allsidig økologisk skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og ressurssenter for utviklingsprosjekt.

Målsetjinga til skulen er å vera ein kreativ samfunnsaktør innanfor økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket.  
Kompetansenavet Vest er også lokalisert til skulen, og er eit tilbod til småskala matbedrifter. 
  
Søknadsfrist: 27.02.2021 
Arbeidsgivar:Vestland fylkeskommune   

Vi søkjer deg som

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum 
  • har evne til å setje retning og vidareutvikle skulen
  • er utviklingsorientert og engasjert
  • skapar gode samarbeidsrelasjonar med eksterne samarbeidspartar
  • etablerer FoU og innovasjonsprosjekt som fremjar kunnskapsutvikling innan økologisk landbruk
  • skapar eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø
  • har gode leiareigenskapar og leiarerfaring
  • god gjennomføringsevne i forhold til politiske og administrative vedtak
Kvalifikasjonar
  • stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”.
  • ha kunnskapar og engasjement for økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket
  • personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga.
Vi tilbyr
  • gjevande arbeid med ungdom og vaksne i vidaregåande opplæring i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • å vere ein del av eit stort kompetansemiljø i sektor for opplæring og kompetanse
  • støtte til utvikling, leiing og styring av skulen
  • god dialog, tett kontakt, og samarbeid mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • løn etter avtale

For fleire opplysningar om stillinga kan du ta kontakt med områdeleiar Rolf Årdal, rolf.ardal@vlfk.no mob. 91819546

Sjå heile stillingsutlysinga her: https://240010.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4341763378?language=nn&link_source_id=0