Hedgelaying is a job for the Autumn

Noko av det eg likar best med Sogn Jord- og Hagebruksskule er dei entusiastiske lærarane me har her, og deira evne til å gjere kvart år til noko eineståande. For nett slik me fletta ferdig skulen si nye lehegn, vart også undervisninga fletta saman av mangfaldige inntrykk.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Eg mimrar tilbake til hausten, då me fekk servert ein kunnskapscocktail frå plantelærar Mathias, besøk i klasserommet av vår eigen gardsarbeidar David med forteljingar frå Agroforestry-prosjekt i Kenya, ein sjarmerande gammal engelsk film om hedgelaying, og ikkje minst praktisk arbeid med øks, motorsag og bandkniv for handa. Hausten vitja oss lenge med sine vakre fargar, og me greip eit kvart høve til å komme oss ut i arbeidskleda. Det er som plantelærar Mathias så fint introduserte haustprosjektet:

Hedgelaying is a job for the Autumn!

Agroforestry

I klasserommet delte Mathias ein sjarmerande engelsk film frå tidleg 1900-talet. Her fekk me ein introduksjon i tradisjonell hedgelaying og kanskje også tradisjonelle kjønnsroller, i svart-kvitt format, til kontrast i eit klasserom fullt av kvinner i verneklede. I tilknyting til temaet lehegn fekk me høyre om ei allsidig løysing for mange av utfordringane som landbruket står overfor også i dag, nemleg Agroforestry. Dette er eit naturleg og dynamisk landbrukssystem som inkluderer tre og buskvekstar i grønsaks- og/eller husdyrproduksjon. I eit slikt system vil trea tilføre næring til jorda, gje skugge, og verne underlaget mot tørke og erosjon. Hedgelaying, på norsk lehegn, er ein sentral del av Agroforestry-systemet.

Ei “korrekt” lehegn skal vere 50 % gjennomtrengeleg for vind. Høgda påverkar i stor grad arealet med grønsaker kringom som får vern frå vinden.

Forteljingar frå Kenya

Me fekk besøk av gardsarbeidar David Kariuku Mbogo-Svensson, som tok oss vidare inn i Agroforestry-verda, akkompagnert av bilete frå heimbyen Embu i Kenya og forteljingar om sine treplantingsprosjekt. Te- og kaffitrea til David fungerer ikkje berre som produsentar av te og kaffi; desse trea vert planta som kombinerte leveggar, jordvern og innslag av fotosyntese. Dei er tenkt som viktige medverkarar til vern av erosjons- og tørkeutsette jordareal i Kenya. Som lehegn kring grønsaksfelta hindrar dei vinden frå å dra med seg jordpartiklar, og i mange område er trea viktige kjelder til skugge.

“Pass på tunga”! Når ein lagar til ei lehegn er det særs viktig at ein del av kambium, eller “tunga” som Mathias kallar henne, vert ivareteke for ein fortsetjande vass- og næringstransport i treet.

Kva stressar ein plante?

Det finst tre store stressfaktorar som påverkar plantevekst. Vatning og gjødsling er to av desse, og mangel på ei av dei vil, som mange veit, føre til stress som hemmar planten sin vekstprosess. I løpet av denne hausten fekk me lære meir om enda ein stressfaktor, som er meir dramatisk enn me kanskje var klar over. Forsking syner nemleg at vind er ein enorm stressfaktor for planten, då denne også har direkte innverknad på vass- og næringsopptak. Om me reduserer stresspåverknaden av vind kan me få opp til så mykje som 30 % betre avling!


Vind påverkar planten sitt opptak av vatn/næring direkte, fordi vinden aukar planten sin transpirasjon. Transpirasjon er fordamping av vatn frå planta si overflate. Ein reknar med at opp til 98 % av vatnet (som transporterer næring til plantedelane) røtene tek til seg frå jorda, fordampar ved transpirasjonen. Spalteopningane i planteblada må haldast opne for å ta i mot CO2 til fotosyntesen. Vinden aukar luftutskiftinga og fører med seg CO2 , og planten må auke sin eigen transpirasjon for å regulere spalteopningane i vinden. Ettersom vinden aukar planten sitt behov for transpirasjon, og fylgjeleg også væske og næring, kan ein gå så langt som å seie at planten har mindre behov for tilført gjødsel om ein fjernar denne stressfaktoren. Difor vil du kanskje få med deg Vg3-prosjektet vårt:

Hedgelaying

På toppen av det heile kan lehegna også fungere som eit estetisk innslag på garden.

Me ynskjer å etablere økologiske krinsløp med levande vekstar som jorddekke, og då gjerne også fleirårige vekstar som innslag av meir permanent dekke. Haustprosjektet vårt, skulen si nye lehegn, fungerer som alt dette og meir til.

Lehegnfeltet vårt var eit gamalt belte med rognebærtre som hadde vakse seg for store for sitt føremål. I byrjinga av lehegnprosjektet var dei så høge at dei skugga for sollyset og så gjennomtrengelege at vinden blas rett gjennom. Gjennom prosjektet vårt tok me vare på dei gamle trea og fletta dei til ei ny lehegn.

Vår nyfletta lehegn medverkar til vern av jord og plantar mot vind og erosjon. Som om ikkje det er nok, fungerer også lehegna som ein trygg heim for det viktige insekt- og fuglelivet som nyttar desse korridorane i landskapet som tilfluktsområde. Når våren kjem, takkar desse for omsorga ved å pollinere raudkløveren i enga og ete larvene til gulrotfloga. Ikkje minst kan også lehegna fungere som ein slags skogshage etter inspirasjon frå gamle, engelske tradisjonar. I ei lehegn kan ein nemleg inkludere innslag av mangfaldige bær- og frukttre som ein kan hauste av kvart år.

Hugleik med staur: Kvifor kjøpe trykkimpregnert staur når ein kan hauste og skjere han sjølv?