Etter tjue år med ystekurs i Aurland er det framleis kø av nye folk som vil læra å laga ost.
Av Øystein Skjæveland Foto: Kaarina Borud
Det var i februar 1999 at Pascale Baudonnel gjorde avtale med Sogn Jord- og Hagebruksskule om å utarbeida eit kurs i ysting over 150 timar. I november år 2000 var det klart for det fyrste kurset, og interessa var så stor at dei måtte køyra kurset to gongar.
Etter den tid har det vore kurs i Aurland kvart einaste år i 20 år. Og det er kurs som har sett spor etter seg, og vore ein viktig føresetnad for dei fleste av dei nye gardsysteria som har vakse fram i Noreg dei siste tiåra. På ostemeisterskapen World Cheese Awards i Bergen i 2018 hausta norske produsentar rikeleg av medaljar, og ei oppteljing syner at 80 prosent av desse produsentane hadde bakgrunn frå ystekurs i Aurland.
Digital markering
Dette og meir til vart trekt fram då 20-årsjubileet vart markert på jordbruksskulen i Aurland fredag 13. november 2020. Her var samla mange av dei som har vore sentrale i kursverksemda desse tjue åra, og endå fleire var med på storskjerm og videooverføring.
Det var Aud Slettehaug ved kompetansenavet i Aurland som leia markeringa (på skjerm frå Naustdal), og ho gjekk kort gjennom den historiske bakgrunnen for to tiår sidan. Ho trekte fram at det var næringa sjølv som stod bak at kursa kom i stand, med dåverande SJH-rektor Maria Bjune som ein viktig samarbeidspartnar. Pascale Baudonnel vart i 1999 tilsett i ei prosjektstilling med oppgåve å utarbeida eit kurs på 150 timar i lokal foredling og omsetjing av mjølk. I tillegg til kursopplegget skulle ho også planleggja ysteriet i det (den gongen) splitter nye fjøset på skulen.
Samstundes gjekk det også føre seg eit arbeid for å få etablert eit kompetansenav for småskalaproduksjon i Aurland, der Ivar Bjarne Underdal la ned mykje arbeid. Då navet kom i stand i 2001 vart ystekursa ein del av tilbodet frå navet.
Ei særleg utfordring var at ein framleis ikkje fekk lov å ysta av upasteurisert mjølk, sa Slettehaug. Men frå 2002 fekk ein lov å ysta upasteurisert, og kursa vart tilpassa det. Etter nokre år kom Ragnhild Nordbø med i arbeidet, og ho har vore ein sentral del i ystekursa sidan.
Kursa vart frå starten av laga i to delar eller modular, med til dømes ein del om våren og ein om hausten. Slik ville ikkje kvart kurs verta for langt, og folk kunne få tid til å fordøya innhaldet mellom dei to bolkane. Difor har namnet «modulkurs» festa seg, sjøl om det formelle namnet på kurset er «lokal foredling av mjølk del 1 og 2».
Helsingar
Det var mange som ville helsa til jubilanten på dagen, og fyrst ute av desse var leiar i Norsk Gardsost, Jarle Rueslåtten. Han gjekk sjølv på modulkurset i 2003 – 2004, og no i 2020 er han sjølv inne som lærar på kurset. Modulkurset har vore viktig for mangfaldet av norske ysteri, sa han. Ein kan nemna mange som har æra for det, men særleg Pascale har vore ein uunnverleg brikke, sa han. Som takk for innsatsen fekk ho frå Norsk Gardsost ei nål med bumerket til Norsk Gardsost, laga av ein sylvsmed i Valdres.
Fleire av helsingane kom gjennom video-overføring, og av desse var Heidi Bjønnes Larsen, som helsa som leiar for styringsgruppa for kompetansenettverka.
– Denne gruppa skal setja retning for at kompetansenettverket tilbyr det som næringa har bruk for. Og ein ser ut frå køen til ystekursa at dette er eit tilbod som næringa ynskjer seg, sa ho.
Bjørn Harald Haugsvær helsa frå fylkesmannen i Vestland. Han hadde sjølv vore på innføringskurs i si tid, og vart så inspirert at han ville prøva seg heime på kjøkenet. – Eg laga surmjølk, yoghurt, cottage cheese og fastost. Alt vart jo godt, men eg måtte eta alt sjølv, fortalde han. Familien var skeptisk.
– Dette gav meg respekt for at det er mykje arbeid – det nyttar ikkje å slomsa for å få eit kvalitetsprodukt.
Det er Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland som har vore undervisningsstad for ystekursa i alle år. Kristin Ryum helsa frå skulen og takka for det gode samarbeide, og ho hadde med blomar til Pascale og Ragnhild.
Sekretær Kathrin H. Aslaksby i Norsk Gardsost helsa på videoskjerm frå Valdres. Ho retta ein takk til Ragnhild Nordbø og Pascale Baudonnel for kursa deira gjennom mange år, og ikkje minst innsatsen med å rettleia ystarane også etter at kurset er ferdig. Både store og små bruk får råd og rettleiing, også om ein startar opp med 12 geiter i Valdres, sa ho. Elles peika ho på at det no er så mange fleire å rettleia enn før, etter som talet på gardsysteri stadig veks. Norsk Gardsost arbeider for å få til meir rettleiing av både nye og etablerte ysteri, sa ho.
Sjå fleire bilete frå dagen her: