Masterchef-Kia på gullkjøkenet

Foto: Kaarina Borud

Det vart ein heller spesiell lunsj då skulekjøkenet fekk besøk av vår eigne og sjølvaste Masterchef-Kia. Ho serverte retten som fekk dommarane i Masterchef til å måpe; nemleg panerte værballar!

Tekst: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Det er nok ikkje berre dommarane frå tv-programmet Masterchef som seier seg overraska og imponert over Kia Vejrup sine kulinariske og innovative evner; no kan også SJH sine tilsette og elevar seie seg samd i den vurderinga! Dei panerte værballane var ei oppleving på fleire nivå. Ikkje berre delte Kia sin audition-rett, noko som aleine gjorde lunsjen til alt anna enn kvardagskost. For mange var dette også ei heilt ny erfaring, ikkje minst også ei smaksmessig oppleving.

Værballane er nøytrale i smaken med eit hint av sjø, grunna dei viktige minerala som finst i testiklane. Kia skildrar retten sin som ein “gløymt skatt”: Her ligg eit stort, om gløymt, næringspotensial. Slik kan retten sjåast i samanheng med Kia sitt holistiske syn på mat: “Alle delane av dyret, inkludert indre organ og innmat, representerer noko våre eigne organ treng. Innmat er mineralrikt, og vil kunne redusere næringsmangel i samfunnet. Med innmat tilbake i kosten treng me kanskje ikkje lenger å supplere med dei vanlegaste kosttilskota me konsumerer i dag. Testiklar er ei av dei mange gløymte matskattane. Dei er næringsrike og stimulerer vår eigen testosteronproduksjon, som igjen gjer at me får energi og livslyst”.

Ein gløymt skatt: … eit stort næringspotensial, mineralrikt med eit hint av sjø

Ballane tek lett til seg anna smak, og let seg godt kombinere med ein marinade, i ein gryterett eller til dip. “Med dip smakar det som ein klassisk chicken nugget”, legg Kia til. Værballane er mjuke i konsistens og lyse i fargen, med ein konsistens som minnar mykje om kylling. Panerte værballar byr på eit kontrastfyllt møte mellom mjukt og crispy.

Kjenner du deg inspirert? Les vidare og lag sjølv!

Kia si oppskrift: Panerte værballar

30 minutter, 3-4 personer

Ingrediensar

2 stk. værballar, ca. 400 g

70 g brødsmular frå godt brød, gjerne surdeig. Meir smular ved behov.

2 ss fennikelfrø eller karvefrø

2 ts salt

2 egg

4-5 ss finmalt mjøl av kveite eller spelt

Valgfritt:

1 ss hakka løpstikke eller persille

1 ts hakka fennikelfjær

Framgongsmåte

Værballar kan kjøpast hjå fleire slaktarar, men det er lurt å ringe for å bestille då det ikkje er ei vanleg råvare å bruke. Under slakt vert som regel testiklane kasta som slakteavfall. Det er trist, då testiklar har mykje næring i form av protein og mineral. Testiklar er rekna som eit afrodisiakum i mange kulturar og kallast «fjellets østers». Testiklar har mjukt, nøytralt og kvitt kjøt som lett absorberar smak, det kan samanliknast med svin eller kylling. Ballar eignar seg godt til marinering, i gryterettar og på grillen.

Kutt av ca. 2 cm av den eine enden på ballen, fjern det ytste skinnet og skjær vekk den lille kjertelen som sit fast i skinnet. 

Skjær eit lite snitt i det indre skinnet med ein liten skarp kniv. Forsøk å lirke kniven under skinnet, føremålet er å fjerne skinnet frå det indre kjøtet. Press fingeren under skinnet og beveg den forsiktig rundt for å løsne skinnet frå kjøtet. Skinnet løsner lett, og det er relativt enkelt å vrenge det av. 

Byrj med å skylje ballane godt i kaldt vatn.

Når alt skinnet er fjerna har du eit ovalt stykke lyserosa mjukt kjøtt foran deg. Skjær det i 2 cm tjukke skiver. 

Pisk egget med hakka løpstikke, fennikelfjær og litt salt i ein bolle. Bland smular med fennikelfrø og 1 ss salt i ein annen bolle, og mjølet for seg selv.

Vend testikelskivene først i mjøl, deretter i egg og så i smulane. Trykk lett på dei så alt festast godt og legg på eit fat. Fyll på bollane med panering ved behov. 

Varm ei steikepanne med nøytral olje eller klarna smør. Feittet skal helst dekke skivene halvvegs opp. Eventuelt kan ein frityr brukast, men dei vert fort ferdig og du har meir kontroll med ei steikepanne på medium til høg varme.

Steike skivene på begge sider til ei jamn gyllen farge

Chipotlemayo

1 Chipotle chili frå eit glas med chipotle i adobosaus, finst i etniske daglegvarer og spesialbutikkar frå ulike produsentar. Om du ikkje får tak i chipotle; bruk fersk eller tørka chili av det du har tilgjengeleg.

2 ss adobosaus, sløyf om du ikkje har chipotle

1 liten ansjosfilet

1 egg

3 dl nøytral solsikkeolje

1 tsk salt

0,5 ts pepar

1 ss eplecideredikk

1 fedd hvitlauk, kjernen fjerna

Bland alle ingrediensar utanom olja og kjør jevnt med stavmikser.

Hell olja i ei jamn stråle i blandinga medan stavmiksaren går, til blandinga tjuknar til ynskja konsistens. Smak til med meir salt eller adobosaus.

Nyt!