Elevane i programfaget Garden som Ressurs (GSR) har no vorte kjende med kvarandre som klasseteam; no er tida komen for å ta i mot fyrste ungdomsskuleklasse med eige Inn på tunet-program.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
Det var nok fleire av oss som var spente på vårt fyrste møte med niande klasse frå Aurland Barne- og Ungdomsskule. Me hadde planlagt denne dagen i fleire veker, søkt inspirasjon frå pensumstoff om Linda Jolly og skulehagen, og gjort naudsynte førebuingar med innkjøp og arbeidsoppgåver. Me planla dagen til minste detalj var på plass, med inspirerande pedagogar i bakhovudet og nyttige hjelpemiddel frå faglærar Janicke til støtte. Læringsmålet for oppgåva vår var planlegging og gjennomføring av eit pedagogisk opplegg eller Inn på Tunet-aktivitetar på ein gard, samt evaluering av desse. Med dette i tankane planla me ein dag som vertskap med stor satsing på elevaktivitet og inkludering i ei rekkje spanande aktivitetar på garden.
Overordna tema for dagen var “Frå jord til bord”. Gjennom engasjerande læringsaktivitetar fordelt på fire verkstader med to GSR-elevar på kvar, var målet å formidle til elevane kvar maten kjem frå. I verkstaden “Økologisk Husdyrhald” fekk elevane vere med medelev Rebekka og helse på dyra i fjøset, lære om mjølkeproduksjon og kose med kalvane og geitebukken. Medelev Ina tok barna med seg på ridebana, der dei fekk lære om kroppsspråk og handsaming av hest. På verkstaden “Grønsaker og Urter” fekk elevane hauste grønkål, tomat, eple og diverse urter frå skulegarden, saman med medelev Nora og underteikna. Særleg kjekt var setjinga av kvitlauk i marknadshagen, der elevane fekk delta aktivt i enkel jordarbeiding og lære om mikrolivet i jorda. Me er imponerte over arbeidsinnsatsen til denne flotte ungdomen, og ikkje minst takksame for vår plan B om ekspandering av arbeid i tilfelle svært effektivt arbeid. På slutten av dagen hadde me sett dobbelt så mange kvitlauk som me hadde rekna med! Elevane fekk med seg ein setjekvitlauk kvar – dyrka på SJH, sjølvsagt.
Etter lunsj vart elevane tekne imot av medelevar Tormod og Nicklas, som i sin interne verkstad, “Ku-ul mat”/ “Ku-ulinarisk kokkelering”, inviterte til kinning av smør, grillspyd med entrecôte og ferske grønsaker frå garden, rotmos, kakao med mjølk frå våre eigne mjølkekyr, samt krem med ein nydeleg konsistens. Ved grindbygget heldt medelevar Anders og Hanne kurs i bruk av bål og øks. God førebuing er naudsynt for eit godt resultat, særleg når ein lagar bål. Her var det mange gode tips til god bålbygging, ved, vedkløyving og opptenning, og resultatet vart tilsvarande bra. På denne verkstaden tilberedte ungdomane pinnebrød og Anders sin personlege båldessertfavoritt: fylte eple på bål, med smør, sukker, kanel og knuste kjeks. Det var nett like godt som det høyrast ut som!
Slutten av dagen markerte me med eit felles høgmåltid av grillspyd med entrecôte, rotmos og pinnebrød. Dessert var Anders og Hanne sine fylte eple, og sist men ikkje minst; kakao med krem. Me samla oss på benkar kring bålet som elevane laga saman med Anders og Hanne, åt saman og sang bursdagssang for ein heldig elev. Den gode stemninga hang framleis i lufta då ungdomsskuleklassen var reist. Det var utvilsamt ikkje berre niande klasse som fekk kjenne på meistring og auka sjølvkjensle denne dagen.