Johnson-Su: Ein soppdominert kompost

Foto: Esther Sandström

Jord og kompost er viktige deler av undervisninga og i oktober fekk Vg2-klassen legge opp skulens første Johnson-Su kompost.

Tekst: Katharina Leucht

Tradisjonelle kompostar blir gjerne brukt for å tilføre jorda næringsstoffa som plantene trenger. Men det finnes mykje anna ein kan gjere for å fremme plantenes vekst. Ofte har planter eit samarbeid med sopp som lever i jorda. Johnson-Su komposten er laga for å fremme mikrobelivet i jorda generelt, og sopp spesielt. Komposten inneheld mykje trevirke samanlikna med ein tradisjonell kompost, og har eit høgt C/N forhold. Det vil si at han inneheld mykje karbon i forhold til nitrogen, og det gjer han til ein god oppformeringsplass for sopp som vi gjerne vil ha i jorda. Ein bonus er at ein får brukt opp kvist og trevirke som ofte hopar seg opp og blir liggande ubrukt eller brent opp. Her følger oppskrift og forklaring på korleis vi laga vår Johnson-Su kompost.

Ingrediensar i vår Johnson-Su kompost

  • 80 % trevirke i form av treflis, småkvist ol. Helst av unge lauvtrær
  • 15 % grønt planteavfall, t.d. plenklipp
  • 5 % ferdig/moden kompost for å smitte med god jordkultur
  • Litt leire (nokre mikroorganismar behøver, akkurat som høns, stein for å male opp maten sin. Fordi dei er så små bruker vi ikkje småstein, men leire. Leire tilsettast også fordi det bidrar til å danne aggregat i jorda og for å binde næringsstoff.)
Kompostmaterialane blir vatna før dei leggast opp i sylinderen.
Foto: Esther Sandström

Komposten skal ha ei fuktigheit på omkring 70 % og derfor vatnar ein materialane både før dei blir lagt opp og jamleg mens komposten står og utviklar seg.

Oppfinnarane sjølv, Dr. David Johnson og Hui-Chun Su ved New Mexico State University, kallar komposten sin for ein «bioreaktor». Komposten skal ikkje vendast, men ligger i ein sylinderforma struktur under heile prosessen. Fordi prosessen skal være aerob, altså skal skje i nærvær av luft, er sylinderen laga i armeringsjern fôra med pustande filtduk av typen landskapsgartnarar bruker. Sylinderen festast på ein vanlig pall (t.d. ein Europall) og perforerte rør som setjast i sylinderen sørger for ytterlegare lufttilgang.

Sylinderen er laga av armeringsjern og filtduk. Gitteret som ligg på toppen blei brukt i begynninga for å holde dei perforerte rørene på plass.
Foto: Suzanne Lindekleiv Nygård
Materialane pressast godt samen i sylinderen. Foto: Esther Sandström

Når materialane er godt blanda og vatna blir dei lagt i sylinderen ved hjelp av spader og bøtter. Etter eit par dagar når massen har stabilisert seg kan lufterørene trekkast ut og komposten vil holde si form og få enda betre tilgang på luft. Komposten skal i dei første dagane gjennomgå ein termofil periode med temperatur opp mot 60°C. Etter dette skal temperaturen gå ned igjen og nærme seg utetemperaturen. Komposten skal nå ligge uforstyrra i ca. eit år. Når han er ferdig kan komposten brukast til å lage kompost te, det vil si at den skal blandast ut i vatn og fordelast på åkrane og i hagen. Forhåpentlegvis vil den innehalda ei mengde sopp og mikroorganismar til jorda vår.

Grunnen til at vi ønsker ein kompost med mykje sopp er at fleire forskarar, deriblant Dr. Johnson, meiner at meir sopp i jorda verker fremmande på veksten til våre kulturplanter, og at forholdet mellom mengda sopp og mengda bakteriar i jorda er bestemmande for fotosynteseraten. Dersom du vil høyre meir om denne påstanden og tilknytte spørsmål finst det ein podkast med John Kempf til vidare lytting: http://regenerativeagriculturepodcast.com/microbial-communities-for-carbon-sequestration-with-david-johnson

Etter eit par dagar kan rørene tas ut av sylinderen.
Foto: Katharina Leucht

Ein kan også bruke komposten direkte ved å spreie han utover på jordet og i hagen. Da kan ein gjerne legge forholdsvis lite kompost på, sida formålet først og fremst er å smitta jorda med sopp som kan bidra til eit godt og balansert mikrobeliv i jorda.

Nå er vi alle spente på korleis SJH sin første Johnson-Su kompost blir når han er ferdig og kva for ein effekt han vil ha på jorda og plantene. Tida vil vise!

Kjelde til denne saken er heftet Best management practices: Johnson-Su composting bioreactors (2017) av David Johnson and Patrick DeSimio. Både heftet og instruksjonsvideoar finnes her: https://www.csuchico.edu/regenerativeagriculture/bioreactor/bioreactor-instructions.shtml

Kjelde til forsking på forhold mellom mengde sopp og bakterie i jorda er følgande artikkel: Johnson D, Ellington J, Eaton W. 2015. Development of soil microbial communities for promoting sustainability in agriculture and a global carbon fix. PeerJ PrePrints 3:e789v1 https://doi.org/10.7287/peerj.preprints.789v1