Elevane fekk mange kjekke kulturinntrykk då dei besøkte De Heibergske Samlinger på Sogn Folkemuseum i Kaupanger. Her fekk me ei viktig påminning om at gamal kunnskap kan syne seg nyttig i framtida.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
De Heibergske Samlinger er ei av dei eldste museumssamlingane i landet. I museet sin stilsikre velkomsthall vart me møtt av ein sjarmerande formidlingsleiar ved namn Mari S. Sandvik. Ho ynskte oss velkommen og introduserte museumsavdelingane med historien til desse. Her snakkar me verkeleg om eit museum med høg satsing på ivaretaking av både materiell og immateriell kulturarv. Over heile museet finn ein ei stor mengd gjenstandar og bygningar, samt handbårne kunnskapar som til dømes lauving og segn formidla på folkemunne. Museet lærar frå seg gamle arbeidsmåtar til bønder og andre interesserte i notida. Det kom godt med i tørkesommaren 2018. Då tok fleire bønder kontakt med museet for å lære kunsten å lauve.
Mykje kunnskap går tapt i eit elles einsidig og homogent samfunn; tenk, så godt det er at slike verdifulle delar av kulturarva vår vert verna om her! Det er som Mari seier:
Kven veit når me får behov for desse kunnskapane? Om me ikkje tek vare på desse kan det vere for seint å hente dei fram att når me treng dei
Det heile byrja med ein kar som heitte Heiberg og eit hus på eit klyngetun i Undredal som skulle rivast, fortel Mari. Heiberg var ein utdanna agronom frå 1800-talet som mellom anna samla på gamle jordbruksreiskap, og huset frå Undredal skulle verte det fyrste museumshuset av mange. Mykje av samlinga skjedde som eit samarbeid mellom Heiberg og bestefar sin, og De Heibergske Samlinger er følgjeleg verdsett som eit familiemuseum.
På museet finn ein utstillingar knytt til jordbruk, handverk, tekstilar, klede, mat og drikke, og ein eigen utstilling knytt til høgtidsdagane. Desse dagane var viktige avkoplingar i eit elles strevsamt liv.

Sogn Folkemuseum, som er ein del av De Heibergske Samlinger, har sitt fokus på korleis sogningar har levd og budd gjennom tidene. Dei har tilsett ein eigen museumsbonde som syner dette i praksis. Museet sine mange bygningar er spreidde over eit tidsrom frå mellomalderen til slutten av 1980-talet. Fordelt over området ligg tradisjonelle åkrar med gamle kulturvekstar som bygg og potet. Desse er dyrka fram med bruk av arbeidshest. Museet driv elles tradisjonelt gardsbruk med kyr, sau, gris og fjørfe. Slik er museet på mange måtar med på å verne om vår lokale kulturarv. Heiberg var sjølv direktør for Sogn Folkemuseum fram til han døydde som gamal under andre verdskrig.

Med oss ut i friluftsmuseet fekk me ei omvising av Marie Pettersson, som er utdanna naturhistorisk formidlar. Marie viste oss kulturmarkene som museet har lagt opp kring husa slik det vart gjort i “gamledagar” på eit klyngetun. Me fekk servert lokale kulturhistoriar frå området, og me fekk høyre om hesjing, “beistafritt lauvrøyk”, kryssrisgardar med feste av einer, tradisjonelle gjerde, stiklegardar med innfletta einer og dyrking av taklauk på torvtak. Me fekk også ein allsidig gjennomgang av ulike tresortar og korleis ein kan nytte dei ulike kvalitetane hjå kvar enkelt tresort til ulike bruksområde. Visste du til dømes at ein kan vri barken på unge bjørkekvistar og bruke desse som feste til gjerde og tradisjonelle hesjar? Fleire av dei gamle laftehusa til museet er heldt ved like med furu frå lokalområdet; sevje frå diverse treslag kan brukast til søtning; den ytste kanten på furu, geiteved, er spesielt seig og fylgjeleg god å bruke til dømes i rakeskaft; bjørketre har typiske allround-eigenskapar og kan brukast til det meste.

Mot slutten av besøket viste Mari oss ei heller spesiell blomeeng. Til denne enga har museet leita opp sjeldne indikatorplantar på 90-talet og sjølv hausta frø frå frømodne blomar. Desse verneverdige blomefrøa har museet sådd i enga, og no vert ho heldt ved like med tradisjonelle hesjar (sjå bilete under). Me avslutta besøket i museet sin treverkstad, der me fekk spikke oss vår eigen tvare av furu. Snakk om ein innhaldsrik dag!

Biletegalleri