Vg3-elevane i faget Plante- og husdyrproduksjon fekk oppleve kasjmirgeit og mangesysleri på fagtur til Njøsagarden og Henjatunet i Sogndal.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
Midt mellom gardsidyll og haustfargar vart me ynskt velkomne av Jostein Kvåle på Njøsagarden i Sogndal. Her fekk me ei omvising i det kombinerte geite- og sauefjøset på garden, der Jostein fortalde om årsløpet til geit og sau, innreiing, fjøsløysingar og dyrehald gjennom året. Særleg kjekt var det å lære om geiterasen kasjmirgeit, som Jostein og Jorunn mellom anna forvaltar geiteskinn og eksklusiv ull av. Visste du at ull frå kasjmirgeit har ein kilopris på 10 000 kr? Kasjmirulla er inntil åtte gongar varmare enn saueull, og mykje mjukare mot huden. Ulla produserast frå dei finaste og tynnaste fibrane frå underpelsen til kasjmirgeita. Dei tynne håra må kjemmast for hand. Ein reknar med at det går to kasjmirgeiter til ein gensar, og at ein god kjemmar brukar om lag ein halv time på å kjemme ei geit.
Jostein legg til at med ein geiteflokk på vel 50 vinterfôra geit, og 100 g ull per geit per år, er det ikkje ulla aleine som heldt hjulet i gong. Det er kjøtet som står for hovudnæringa på garden. Utfordringa ligg mykje i marknaden for geitekjøt, som diverre ikkje er så stor her til lands. Men Jostein gjev ikkje opp. Dyra slaktar dei på Vikja slakteri; kjøtet saltar dei på garden. Slakteriet har inga ordning for geiteskinn, så dette vidareforedlast også på garden. Både delar seljast direkte frå garden.
Vidare viste Jostein veg til Ormalseng; beitet som kasjmirgeitene går på. Her fekk me helse på dyra og høyre tankar om beiting, landskapsrydding og gjerdehald. Geitene på Ormalseng er ikkje berre flinke til å nytte seg av grasressursane på beitet, men dei forsyner seg også av lauv og skot på tre og busker som ofte står att etter andre husdyrslag. Dei er dessutan ekspertar på å nytte seg av bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Geit et rett og slett det ingen andre vil ha. Denne eigenskapen gjer geita til ein viktig støttespelar i kampen om å behalda kulturlandskapet. Jostein har tidlegare drive utleige av geitene sine for nettopp slikt vedlikehald av kulturlandskap.
Det er viktig å ynskje velkommen og by på ein smak av det ein produserer på garden; og her har me flytande eple og pære
Marit H. Halsnes
Etter besøket på Ormalseng bar vegen vidare mot Leikanger og Henjatunet, der me vart hjarteleg tekne imot av ei ivrig dame ved namn Marit Henjum Halsnes. Marit møtte oss med “flytande eple og pære” frå frukthagen, som ho serverte frå eit tradisjonelt trefat under det heimekoselege innreia halvtaket ved gardsrestauranten. Me sat der med nistepakke og ferskpressa frukt i glaset medan Marit fortalde om garden, sauedrifta og beitebruk på garden og i utmarka. Under føredraget legg eg merke til notatane til ein klassekamerat, og ser at ho har notert seg “ekstremt hyggelig og kvikk/livlig dame!”, og tenkjer at det er jammen meg heilt sant.
Ein vert kanskje ikkje rik på pengar, men ein vert rik på opplevingar og å ha ein kjekk jobb
Marit fortel om Henjatunet; garden som ho har vore med og drifta i over 30 år. Me får høyre om den allsidige tradisjonsgarden som i lang tid er drive som mangesysleri, og me får nyttige tips til fruktjuice- og ciderproduksjon, inkludert søtning, sødme og pasteuriseringstemperatur. Marit fortel at ho ikkje kunne levd på frukthagen aleine i dag, og at mykje av inntektsgrunnlaget kjem frå det garden kan tilby av opplevingar gjennom guida gardsbesøk og middagar på gardsrestauranten. Ho legg til at “ein vert kanskje ikkje rik på pengar, men ein vert rik på opplevingar og å ha ein kjekk jobb”.
I tillegg til garden sin frukthage skal ein ikkje gløyme dei 30 vinterfôra sauane på garden, som dei mellom anna foredler saueskinn frå. Den finske sauerasen heldt garden sine gamle enger i hevd og er dessutan eit viktig innslag i vedlikehaldet av omkringliggande fjell- og utmarksområde. Marit fortel at kjøtet frå slike sauar er særleg godt fordi det er produsert på ressursar som ingen andre enn hjorten kan nytte seg av.
I dag driv Marit garden saman med dotter Inga H. Halsnes og mannen hennar, Torgeir, samt hunden Billy. Dei produserer ikkje like mykje frukt som på 90-talet, då far til Inga var heiltidsbonde og frukthagen var om lag 25 daa stor. Inga fortel om far sin, som var oppteken av dette med å ha fleire bein å stå på. Med tida er det Inga og mannen Torgeir som tek over garden, og ho delar raust av tankar om framtidsdrifta, eksperimentering med ulike fruktsortar, vinrankar og særpregne gravensteinsorbetar. Henjatunet har dessutan tidlegare vore godkjend besøks- og Inn på Tunet-gard, noko Inga ynskjer å starte oppatt med. Marit, som er tidlegare SJH-elev, er nok også glad for dotter Inga sine planar om å gradvis legge om til økologisk. Ho fortel oss om vidare planar om å legge om til Debio-godkjend drift etter rettleiing frå landbruksrådgjevar.
Fagturar som desse gjev elevane nett fleire perspektiv på ulike måtar å drive gardsdrift på. I dag besøkte me to gardar som begge er konvensjonelle på papiret, men som begge brukar minimale mengder kjemisk framstilte plantemiddel, slik som kunstgjødsel. Det er fint at me som økoelevar får sjå og oppleve fleire sider av gardsdrift. På fagturane til SJH får elevane kome seg ut og møte andre bønder i praksis, og me vert introdusert for ulike løysingar og utfordringar som kan vere inspirerande i vidare skulegong og eigen drift etter skulen. Takk for oss!