I slutten av september, veke 39, arrangerast ØKOVEKA over heile landet. Og i år vart Aurland med som ei heilt eiga økoveke og inviterte til mange flotte arrangement med Open økologisk gard som høgdepunkt for dei små.
ØKOUKA er ei nasjonal feiring av økologisk og biodynamisk mat og landbruk. I økoveka blir råvarer, kunnskap, og inspirasjon formidla med norsk økologisk mat i spissen. Veka ønsker å vise frem mangfoldet av landbruks- og matproduksjonen i Noreg og knytte han til folks kvardag.
ØKOUKA blei starta opp i Nord-Trøndelag i 2011 under navnet Økoveka, året etter blei det arrangert ØKOSLO i Oslo, og frå 2013 har ØKOUKA spredt seg til fleire og fleire stadar i Noreg – i 2020 med ØKOVEKA Aurland på lasset vart 13 økoveker arrangert! Det viser ei stor interesse for økologisk mat over heile landet, og han er veksande.
ØKOVEKA Aurland inviterte til heile ti arrangement. Økomarknad på torget med sesongens råvarer frå Sogn Jord- og Hagebruksskule var populært. Ingen tvil om at Aurlendingane veit kor dei skal få tak i dei beste produkta! Opningsfrukost på Mariannes var koseleg og dei frammøtte fikk ein smaksoverrasking: Mariannes croissant med brun geitost! Only in Aurland.
Morgonbadinga i fjorden trakk til seg heile 18 deltakarar som ikkje nølte med å hoppe uti det 11 grader varme vannet. Eller, det er ikkje heilt sant, koordinator for ØKOVEKA Aurland var nok sist uti og først opp av vatnet!
Ein nydeleg kveld blei det på onsdag. Været var med oss då det blei vist utekino på kaia utanfor Kjølelageret og vi måtte setje ut fleire stolar til dei godt og vel 50 frammøtte. Filmen Kiss the ground handlar om regenerative tiltak og kva vi må gjere for å ta vare på matjorda vår. Ein film som viser alvoret, men også gir håp!
Aurland er kanskje eit lite sted, men vi har kjendisar vi og! På Sogn Jord- og Hagebruksskule er det engasjerte elevar som finn på mykje. I Vg3 går Kia Luzula Vejrup som i år er deltakar på årets Masterchef Norge. Du har kanskje fått med deg at ho serverte panerte værballar til dommarane på sin audition? Under økoveka inviterte Masterchef-Kia til matkurs der ho inspirerte deltakarane til å løfte grønnsakene sin plass på middagsbordet. Ho er god på smakar og dei nydelege grønsakene frå skulen fortener å bli løfta fram. Vellukka og fullt kurs!
Sogn Jord- og Hagebruksskule hadde ein eigen ØKOVEKA-kasse denne veka. SJH-grønsakskassa utleverast kvar anna veke og der får du ei blanding av dei ferskaste produkta frå garden. Denne kassa kan du framleis abonnere på og hente kvar andre fredag i Gardsbutikken. Bestillast hos Gardsbutikken!
Avslutninga på økoveka var sjølvsagt årets happening på skulen: Open økologisk gard! Sogn Jord- og Hagebruksskule inviterte store og små til eplepressing, marknad, økologisk kafé med mange freistingar, leik og moro for barna, traktorbygging, hest og kjerre, heimelaga brunostkaramellar, eventyr og potetløp. Vi hadde også kurs i fermentering av grønsaker, kurs i Bokashi-kompostering og frø-worskhop der ein lærte korleis ein tar eigne frø frå både ville plantar og dei i hagen. Veldig hyggeleg med så mange gjestar og gode aktivitetar. Vi sjåast neste år!
Sjå bileta frå Open økologisk gard og arrangementene i ØKOVEKA Aurland her. Klikk på bileta for å sjå dei i full storleik.