Vedlikehald av ferdselsårer med tørrmurar Berit Bruvik

Berit Bruvik, frå Berit Bruvik Tørrmuring.

Vg3-faget Utmark og Kultur fekk tørrmuringskurs og vedlikehald av ferdselsårer på programmet då sjølvaste Berit Bruvik kom til bygda.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

I år var Vg3-elevane så heldige å få eit to-timars tørrmuringskurs samt ein heil skuledag med tørrmurar Berit Bruvik under faget Utmark og Kultur. Eit slikt tilbod kunne omtrent ikkje passa betre; ein sentral del av faget omhandlar ivaretaking og forvalting av verdiar også utanom eng og vanleg fjøs. Det handlar om ressursane ein kan spele på, som ein også har eit ansvar for. Restaurering av kulturminne, stiar og tørrmuring kjem fort innunder slike verdiar, og det var nett denne kombinasjonen Vg3-klassen fekk øve seg på saman med Berit Bruvik.

Berit demonstrerer grunnleggande tørrmuringsteknikkar med den fire hundre år gamle låven på Nesbø som modell.

Kurshaldar Berit Bruvik er ein av dei sjeldne som er att med fagbrev i tørrmuring – dette fagbrevet finst nemleg ikkje lenger!

Ved den gamle fjellgarden frå 1600-talet på Nesbø fekk me høyre lokale historier frå lærar Even om garden, generasjonane som levde her og sjukehusa som vart sett opp for dei spedalske. I dag står berre tørrmurane att.

Stien me skulle tørrmure var snarare ei elv ved fjellgarden Nesbø i Aurlandsdalen. Kurset sitt fokus var ivaretaking av stiar og kulturlandskapet i Aurlandsdalen, med vedlikehald av ferdselsårer, steinlagde myrområde, tørrmurar og trinn som tema. Kurshaldar Berit Bruvik er ein av dei sjeldne som er att med fagbrev i tørrmuring – dette fagbrevet finst nemleg ikkje lenger! Heldigvis fekk me moglegheita til å lære denne viktige kunsten frå ein ekte entusiast som ho sjølv.

Me er godt i gong!

Berit var ein fantastisk kurshaldar med sitt engasjement og iver, som smitta lett over på deltakarane. Me hadde mildt sagt mykje regn denne dagen, og straumen i elva var sterk; men med riktig innstilling vart det god stemning, samarbeid, latter og læring i elva etter kvart som ho tok form.

Bruvik demonstrerer bruk av hólspett, i godt samarbeid med medelev Anders Fossland.

Me byrja dagen i ei elv som heldt på å renne over og danne seg nye elveleie. Med hjelp av handreiskap som steinhammar, meisel, sleggje, spett, spade og krafse, rein handkraft og lokal stein kunne me forlate ei ny elv som ikkje lenger stod i fare for å oversymje stien.

Ein stolt gjeng! Tenkje seg til, at føregrunnen av biletet var under vatn nokre timar tidlegare!

Sjå biletegalleri frå dagen her: