Inn på Tunet; ut på fjorden

Medelev Ina Støen (i gult) strålar frå sognebåten, medan medelev Nora W. (til høgre) er oppteken med å filosofere.

Klassen i programfaget Garden som Ressurs (GSR) byrja året med ein padletur i Nærøyfjorden Verdsarvpark.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Vg3-faget Næringsdrift delast inn i dei to programfaga Garden som Ressurs (GSR) og Foredling. Fyrstnemnte har sitt fokus på korleis garden kan vere ein ressurs også utanom grønt- og husdyrproduksjon. Sentralt i faget er Inn på Tunet og Grøn Omsorg, og korleis garden kan by på ei rekke tenester gjennom desse tilboda. Her kjem me inn på gardsturisme, med tilhøyrande kjekke opplevingar i natur og fjord. GSR-klassen fekk nett ei slik kjekk oppleving på sin fyrste fagdag.

Sognebåten er nesten på sjøen, og morgonstemninga er på topp! Lærar Janicke til venstre og medelev Ina Støen til høgre.

Me starta dagen ved skulen sitt naust ved Aurlandsfjorden. Ei gruppe bar skulen og lærar Janicke Hoel sine kajakkar til vatnet, medan den andre gjorde klar dei to sognebåtane til Indre Sogn Kystlag, som SJH har eit godt samarbeid med. Janicke gav oss ein demonstrasjon på bruk av redningsutstyr og spruttrekk, samt grunnleggande bruk av kajakk før me fekk prøve oss sjølv. Dei som ikkje var i kajakk sette i gong med båtane, fekk dei ut på fjorden og kom inn i meir eller mindre synkroniserte åretak.

Me fekk ein herleg tur saman på vatnet, både padlarar og roarar. No er hausten for alvor i gong, og fargane i skogen er i stadig endring. Særleg vakre var dei oransje-raude fargane mellom grøne tre, som følgde oss heile vegen til Fronnes. På vegen hadde me fokus på teknikk, åretak, sitjestilling og balanse i kajakk og båt, samt HMS på sjøen.

På Fronnes vart me møtt av ein velkomstkomite beståande av om lag 40 geiter.

Ein kan fint lage fullverdig gode måltid ute!

På Fronnes fekk me båtane i land og gjekk straks i gong med å få fyr på bål og primus. Me hadde delt oss opp i grupper på to, og tilberedte forskjellige måltid som me hadde førebudd dagen før. I førebuinga låg me vekt på korleis ein kan lage trygg, næringsmessig og berekraftig mat på tur. Som lærar Janicke seier: “Ein kan fint lage fullverdig gode måltid ute!”.

Medelev Rebekka Solbakken og eg hadde med oss “fiskepakkar” på turen. Desse pakkane bestod av fisk, økologisk smør, grønsaker frå vårt eige gartneri og nøtter frå Gardsbutikken.

Etter lunsj delte me fagrelevante innslag om landskapsvernområde og verdsarvområde, kulturhistorie på Fronnes, allemannsretten med vekt på sporlaus ferdsel, HMS på sjøen, naturforvaltning, natur- og kulturverdiar og meir. Her fekk me alt frå filosofiske tankar om naturvern; til konkrete lover og praktisk retta tips om korleis å tilberede mat på bål.

Det vart ein kjekk og lærerik dag i Nærøyfjorden. Klassen har fått kjenne på lagkjensla og fått fleire inntrykk som me kjem til å ta med oss vidare; også i møtet med dei forskjellige gjestane me kjem til å få besøk av i løpet av skuleåret. Ikkje minst er opplevingar som denne med på å danne eit godt grunnlag for arbeidslivet som skal skapast seinare.

Takk for turen!

Sjå biletegalleri frå turen her: