Hels på lærarstaben sitt nyaste medlem: Mathias Lehrmann!

Hadde alle barn i verda vorte vist like mykje merksemd og entusiasme som Mathias Lehrmann viser for livet i og over jorda; tenk, for ei vakker verd det hadde vore.


Kunnskapen, erfaringane og eigenskapane til vår nye fagansvarlege for plantefaget tek rett og slett ingen ende. Her kan du lese om vår dyktige, kunnskapsrike og like sjarmerande fagansvarlege for Plante og Produksjon-faget.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Eg hugsar godt fyrste gong eg helste på Mathias Lehrmann. Det var like før sommarferien, og Mathias hadde nett flytta til Aurland med sambuar Mathilde Stabel og deira snart to år gamle dotter, Ingeborg. Han var allereie godt i gong med arbeidet på skulegarden i travlaste juli, og viste dessutan stor interesse for det sosiale aspektet ved SJH. I blå- og kvitstripa busserull og blonde krøller til alle kantar, rakk han så vidt å introdusere seg sjølv før eg impulsivt kom med fylgjande utbrot: “Du minner meg om Alfred frå Emil i Lønneberget!”. Og sjølv om han kanskje minner om den sjarmerande karakteren til forfattar Astrid Lindgren, sit han endatil på kunnskapar, erfaringar og eigenskapar som gjer han til ein unik fagansvarleg for plantefaget i Vg3 og som grønsaksmedansvarleg på skulegarden. 

Mathias Lehrmann kjem opphavleg frå Danmark. Hans interesse for jorda og økologien starta for alvor då han byrja som gardsarbeidar på forskjellige gardar i Danmark, England og Norge.

Mathias sin fyrste praksisplass var den biodynamiske mjølke- og grønsaksgarden Thorshøjgaard i Danmark, 2010. Fylgjande år fortel han om si praktikantstilling på Ruskin Mill College i England, der han jobba med biodynamisk gards- og skogsarbeid som inkluderte både grønsaker og husdyr. Året etter vart om mogleg eit enda travlare år, med ei fulltidsstilling som landbruksavløysar for landbrukstenesta Salten og dessutan byrjinga på det som skulle verte ein treårig sommarjobb på Skjerdal Gard og Stølsysteri her i Aurland. Her var Mathias geitebudeie tre somrar på rad, med hovudvekt på mjølking og slåttearbeid. Tida som ikkje gjekk med til ysting og slått brukte han på diverse avløysarjobbar med mjølking og anna gardsarbeid i Bø, primært med fokus på ku og gris. På dette tidspunktet var Mathias allereie i gong med sin fyrste bachelorgrad i økologi og naturforvaltning, så ein kan jo nesten byrje å lure på om han har lånt Hermine Grang sin tidsvendar frå Harry Potter-verda av mindre.

Mellom andre jobberfaringar har Mathias hatt sitt eige restaureringsføretak. Dette føretaket førte mellom anna til eit byggeoppdrag hjå TV-produksjonen Farmen. Mathias har også vore arbeidsleiar i attføringsverksemda Unikum, der han la til rette for arbeid og opplæring av deltakarane i den allsidige grønsaksproduksjonen på Bygdø Kongsgård. Same år var han i gong med ein toårig prosjektstilling som skulehagelærar i samanheng med lærarstudiet på NMBU, Ås. Gjennom dette skulehageprosjektet følgde han opp 14 skular i Oslo og Viken. Og dette er berre ein liten del!

Det er lett å vere i nuet i timane til Mathias: Her inviterer han Vg3-klassen til refleksjonar og tankar kring den praktiske drifta på garden. Mathias er ein ekte pedagog, med sin herlege cocktail av kunnskap, entusiasme, erfaring og, kanskje viktigast, eit brennande ynskje om å dele alt dette vidare.


Det byrja med livet i jorda

“Det byrja med livet i jorda”, fortel Mathias Lehrmann. I løpet av åra som gardsarbeidar vart han etter kvart svært oppteken av jordbiologi og kva biologien har å seie for livet i jorda. Med interessa kom kunnskapen, og parallelt med den praktiske erfaringa var Mathias i gong med aktuelle studieretningar for å forstå nett det som eigentleg skjer under føtene våre.

På Høgskolen i Telemark tok Mathias sin bachelorgrad i økologi og naturforvaltning. I bacheloroppgåva skreiv han hovudsakleg om kompostering og oppbygging av humus i landbruksjord. I løpet av bacheloren fokuserte han også mykje på jorda som økosystem, og på kompost som ein naturleg del av og eit viktig bidrag til dei naturlege prosessane i jorda. Eit frivillig studieprosjekt utanom studia førte Mathias til og med til Afrika, der han arbeida med biokol og jordforbetring i dei tanzanianske fjella.

I 2020, for berre nokre veker sidan, fullførte Mathias sin mastergrad i naturbruksdidaktikk. Tittelen på masteren var “Skolehagen som en realisering av utdanning for bærekraftig utdanning?”. Her skreiv Mathias mellom anna om sitt skulehageprosjekt saman med “skulehagedronning og eldsjel” Linda Jolly. Den overordna problemstillinga var korleis landbruket kan spele ei større rolle i skulen, med skulehagar som ei praktisk tilnærming til denne problemstillinga. 

Den heilskaplege, imponerande utdanninga og erfaringa gjer Mathias til ein sterk fagansvarleg i Vg3-faget Plante og Produksjon. Undervisinga har plantar og jord som hovudområde, samt skulen sitt komposteringsanlegg. Ved sida av undervisinga, og ofte samstundes, kjem ansvaret for planteproduksjonen på skulegarden. For augeblinken går Mathias i lære hjå SJH sin høgt elska Nathaniel P. Mead, som mellom andre titlar har vore hagebrukslærar på SJH i over 30 år. På sikt skal Mathias ta over for Nathaniel i sin overgang frå lærar til pensjonist; eit spanande kapittel for heile skulen. Det måtte rett og slett ein Mathias Lehrmann til for denne overgangen!

– Har du nokre tankar om SJH?

“Som læringsstad er SJH heilt unik! Her kan du lære så mykje; lære det ein har lyst til. Det finst ingen andre stader der du har ein læringsstad med både marknadshage, åker, fjøs, ysteri, husdyr, veksthus, gartneri, eng, kompostplass, treverkstad, reiskapsverkstad, frukthage, bær… og som i tillegg er økologisk. Her får ein ikkje berre kunnskapen, men også erfaringa. SJH er heilt klart ein unik stad som mange har kjempa hardt for; det er ei verkeleg ei fantastisk moglegheit å få vere her. Her får ein ressursane ein treng for å sjå landskapet med nye auge.”

Landbruket er mykje meir enn kroner og øre; det er liv

Me er privilegerte som har så gode lærarar her på SJH: Her heldt elevane på med å utføre ein vassinfiltreringstest med hjelp av Mathias Lehrmann og Nathaniel P. Mead. God stemning!

“Landbruket er mykje meir enn kroner og øre; det er liv. Landbruk er også det rundt: Eg tenkjer på borna som får vekse opp her i Aurland, i ei levande bygd, med menneske som bur og driv. For meg er landbruk naturvern, for med landbruket kjem moglegheita til mangfald. Landbruk og biomangfald er to sider av same sak; hagebruk handlar ikkje berre om korleis ein produserer grønt. Det handlar om korleis ein kan bygge ei bru til naturen; korleis verte ein del av det økosystemet som er her”.

“Me lev i ei viktig tid. Det er mykje som skjer no. Eg får lov til å vere lærar og samstundes vere med på å drive fram ei utvikling; kompostutvikling; jordarbeiding som er effektiv samstundes som han vernar om mikrolivet i jorda. Landbruket kjem no fram som ei viktig brikke i kampen om klimaet. Samstundes som me ser at det er viktig å kjenne til og ha relasjonar i denne viktige rolla, har kanskje erfarings- og kunnskapsnivåa kring desse temaa aldri vore lågare. Behovet for erfaring og kunnskap om regenerativt landbruk er høgare enn nokon gong. Fleire og fleire vert opptekne av livet i jorda og moglegheitene som finst i kompost. Her på SJH er det mange fine menneske som er flinke på sine område. Me arbeider mot eit felles mål, og eg trur me har noko å lære av kvar enkelt”.

Vår Mathias er ein kar som får solsikkene til å smile!