Stor matfestival er i gang – fleire aktørar frå Sogn er med

Mat frå Sogn er godt representert i Bergen

Av: Sigrid Nese Thue

3.–5. september går Bergen Matfestival, ein av Noregs største lokalmatfestivalar, av stabelen. Festivalen har blitt den viktigaste arenaen for presentasjon og sal av berekraftig kortreist mat og drikke i Vestland. 

I år blir festivalen halden på ein annleis måte, tilpassa dagens smittevernreglar og i tråd med FHI sine anbefalingar, heiter det i ei pressemelding.

SJÅ HEILE SAKA FRÅ SOGN AVIS HER

Med frå Sogn 

Ei rekkje produsentar frå Sogn er med under festivalen. Desse er: 

  • Alm gard frå Feios i Vik kommune. Produserer økologisk iskrem og skal stå på Fisketorget v/ Fish Me
  • Haugen Gardsmat frå Flåm i Aurland kommune. Skal halda kurset «Frå bein til burgar: Lær å bruka heile dyret». Morten Tungesvik frå «Bare Bergenske» skal saman med Odd Ohnstad frå Haugen gardsmat kursa om råvareutnytting og førebuings-teknikkar for å bruka heile dyret. Haugen Gardsmat skal også vera utstillarar på Bergen Matfestival der dei skal selja ferskt kjøt av lam, vilt, kjé, storfe og handmat.
  • Lomelde Gard frå Sogndal kommune. Plommer, morellar, bjørnebær, rips, pærer og kirsebær.
  • Undredal Stølsysteri. Kvit og brun geitost laga av eiga mjølk på eige ysteri.
  • Sogn Jord og Hagebruksskule.
  • Ciderhuset Balholm.