Fjelldagane på SJH

Kva er vel betre enn å starte skuleåret med fjellaure i garnet og villrein i kikkerten? Nye Vg3 er tilbake att på skulen, og me har med oss fantastiske minne frå to dagar i fjellet!

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

På SJH får ein ikkje berre lære om gardsdrift og ressursar direkte knytt til garden; berekraftig hausting og forvalting av ville naturressursar er like så viktig. Under fjelldagane fekk me vere med dyktige lærarar og jegerar i fjellet for å hauste fjellaure og villrein, lære om fjellvett i høgfjellet og ikkje minst ha det kjempekjekt saman i fjellet og på skulen si hytte i Rausmesdalen.

Medelev Anders Fossland startar dagen med å setje garn. Spanande!

Den fyrste dagen i fjellet var me velsigna med nydeleg vær; sol, snø og herleg temperatur. Me gjekk til Snøjuvvatnet for å setje ut garn før me sette kursen for vårt fyrste utkikkspunkt. Her speida me etter reinsdyr i alle tenkjelege retningar, kokte primus-kaffe og åt lunsj. Her, på vårt fyrste utkikkspunkt og “camp”, såg me vår fyrste villreinflokk. Det var ei heilt spesiell oppleving; særleg for dei elevane som aldri hadde sett ein villrein før. Det var ein liten flokk på omkring elleve dyr, som lærar og jeger Thorvald fortalde var kring tre kilometer unna oss. Me følgde denne vakre flokken med kikkert ei stund, studerte korleis dei oppførte seg i terrenget og korleis dei reagerte på jaginga til jaktlaget på andre sida av dalen.

Me nytta mellom anna speidestundene med å gjette avstanden til steinar, vatn og andre delar av landskapet, og sjekka fasiten med avstandsmålaren til Thorvald. Som jeger er avstandsmåling ein uvurderleg eigenskap som ein rett og slett ikkje kan vere forutan, dette særleg i forhold til avstanden mellom jeger og dyr i vurderinga om ein skal skyte eller ikkje. Det er fleire kriterium som må oppfyllast for å kunne kalle eit skot forsvarleg, og avstand er eitt av desse.

Etter radiokontakt med Thorvald sin son, Torstein, som var på jakt samstundes som oss, fann me ut at me skulle finne oss eit nytt utkikkspunkt. I kikkert og somme gonger det blotte auget såg me herifrå to jegerar og reinen dei jakta på. Desse hadde me radiokontakt med, slik at me kunne gje melding om det dei ikkje såg frå sin posisjon. Ein kunne merke den gode stemninga i fjellet denne dagen. Jakta er i gong, jegerar er fordelt over heile fjellet, og me har rett på heile fem dyr – Ny jaktsesong, nye moglegheiter!

Kombinert lunsj, speiding og soling: Her nyt medelev Silje Strøm nista si med sol i ansiktet og villrein i kikkerten.

Det er noko av det råaste eg har sett!

Eitt av høgdepunkta i jakta var då me oppdaga ein villreinflokk på over 200 dyr i kikkert. Det er noko av det råaste eg har sett! Dei skritta, trava og galopperte fram og tilbake, og skapte vakre formasjonar i landskapet. Me bytta tur for å studere storflokken med dei kikkertane me hadde. Etter mykje fram og tilbake kryssa dei ei elv, og me fekk radiokontakt med lærar og jeger Janicke, som var på post berre nokre hundre meter frå storflokken. Me sat der i spaning, speida og heldt kontakten med Janicke, til me fekk melding om ein mindre flokk på veg i vår retning. Thorvald gav oss klarsignal, og me var straks på veg mot det aktuelle reintråkket han skjønte dyra var på veg mot.

Vel framme rekk me så vidt å kaste oss ned bak stein og det som er å gøyme seg bak, før ein flokk på omkring 15 villrein syner seg berre 500 m frå vår eigen posisjon. Me er stille som fjellmus medan Thorvald klargjer våpenet og byrjar å liste seg mot flokken. Me ligg der og lurar på kva veg reinen vil ta; vel vitande om at me kanskje snart får høyre eit skot om dei kjem tett nok på Thorvald, som på dette tidspunktet er i posisjon rundt 400 m frå reinflokken. Men reinen snur, og snart har dei trava ned i dalen att. Me vert liggande ei stund i tilfelle reinen skiftar retning att, før me ruslar tilbake til hytta der ein herleg middag frå gullkjøkenet til skulen ventar.

Neste morgon var det opp 06:30 for frukost, nistepakking og avreise til den siste fjelldagen. Me tok opp garn på veg til utkikkspunktet for dagen, og vart positivt overraska over flotte fjellaure i storleik og farge, som foredlingsklassen i Vg3 skal bruke til raking. Forvalting av naturressursar er så vakkert!

Denne dagen såg me enda ein reinflokk på andre sida av dalen, men konkluderte med at tre-fire kilometer var litt i lengste laget å skyte. Mot ettermiddagen skjønte me at det vart nok ikkje noko rein denne dagen heller, men at me i alle fall vart velsigna med nok regn: I løpet av nokre minutt hadde været endra seg frå sol og opplett til styrtregn og vind på minst 10 m/s; nokre av oss var klissvåte då me nådde bilen! Me var uansett ein nøgd og entusiastisk gjeng på veg mot hytta den ettermiddagen, med gode minner, D-vitamin i huda, nydeleg fjellaure i sekken og ein heil del rosenrot i jaktlomma. Alt i alt ein vellukka tur!

Takk for jaktlaget!