David er eitt av dei vakraste menneska eg har møtt. Mellom tomatradane i veksthuset på SJH skulle eg finne ut at historia hans er tilsvarande inspirerande.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
David Kariuki Mbogo-Svensson kjem frå landsbyen Embu i Kenya. Her byrja det heile med ei omsorg og ei interesse for 60 tomatplantar som David dyrka i hagen. David var den einaste i Embu som dyrka tomat, og prosjektet hans vart difor ganske populært. Trenden i samfunnet var å kjøpe kjemikaliar til grønsaksproduksjon, og fleire naboar kom med velmeinte tips om å gjere det same med tomatplantane. Dette var korkje noko David ynskte for plantane sine eller noko han kunne ta seg råd til. Etter å ha undersøkt litt på eiga hand kom han fram til alternative metodar å verne om og stelle tomatane på. David ynskte å nytte seg av dei ressursane han hadde tilgjengeleg; mellom anna laga han sitt eige middel mot insekt ved å blande chili og surmjølk, og som vern mot lus brukte han oske.
David ynskte å lære meir om korleis ein kan dyrke grønsaker utan å bruke kjemikaliar, og byrja å studere på Kenya Institute of Organic Farming; den fyrste økologiske skulen i landet. Etter fire års utdanning gjekk han ut med diplom i 2006. Undervegs i utdanninga fekk skulen besøk av tidlegare SJH-elev Elin Rømo Grande, som vart uteksaminert frå SJH i 2019. Ho fortalde om aktuelle praksisjobbar i Norge, noko som førte David til si neste reise; han skulle ut i verda og oppleve norsk landbruk for fyrste gong. Hans fyrste praksisjobb var i Bergsdalen på garden til Nina Haga, som var elev på SJH i 1995. Praksisjobben enda som ein fast jobb, og David hadde ansvar for mjølking og grønsaksproduksjon i Bergsdalen i to år. Og ikkje nok med det: I løpet av sitt fyrste år i praksis møtte David Elin Svensson, som vart hans store kjærleik og mor til deira tre born; Emanuel, Sarah og Jakob.
Etter dei to åra i Norge reiste David tilbake til Kenya til det som skulle verte eit økologisk misjonær- og dessutan treplantingsprosjekt. Med diplomet frå skulen i Kenya og erfaringa frå Norge, ynskte David å utrette ein forskjell; hans fyrste prosjekt var å hjelpe bønder i heimlandet med å dyrke god mat på ein økonomisk og berekraftig måte. Til dei som ikkje hadde råd til å kjøpe gjødsel, viste han korleis ein kan lage kompost av mat- og hageavfall. Til dei utan sprøytemiddel fortalde han om alternative tiltak mot insektåtak. Frå 2008 danna David og nokre vennar gruppa “Forest for Future”; dei ynskte å kjempe for klimaet gjennom frivillig planting av tre. Og det har dei jammen meg klart, for i løpet av to år hadde talet planta tre passert 6000! Etter denne knallsuksessen fortsette David å spreie kjærleik gjennom frivillig arbeid på ein barneheim for born som har mista begge foreldra sine. Mykje av dette arbeidet gjekk ut på å dyrke grønsaker til sjølvforsyning og til inntekt for barneheimen.
Det er kjekt å treffe så mange unge menneske som har lyst til å studere økologisk landbruk. Det gjev håp å sjå at me har unge menneske som ynskjer å lære om matproduksjon og å drive landbruk i framtida.
David reiste tilbake til Norge, der han tilbrakte fleire år med å hjelpe bønder med alt frå mjølking, grønsaker, sau og jordbærdyrking. I år lyste SJH ut ledig stilling på skulen, og til vårt store hell var det David som gjekk av med fast stilling etter intervju i mars. På garden har han mest ansvar for grønsaksproduksjonen, men han deltek også i undervisinga saman med lærarane og elevane. Om jobben på SJH seier David at det er spanande og kjekt å ha ein fast stilling på ein stad som er så sosial og altomfattande som SJH: “Livet vert mykje meir spanande med læring, og på SJH er det alltid noko nytt å lære”. Han trekk fram den gode stemninga, det sosiale livet på skulen og dei fine menneska som held til her. I studentane ser han mykje av den same læregleda som han kjenner på sjølv: “Det er kjekt å treffe så mange unge menneske som har lyst til å studere økologisk landbruk. Det gjev håp å sjå at me har unge menneske som ynskjer å lære om matproduksjon og å drive landbruk i framtida. Det minner meg om då eg byrja å studere i Kenya”.
I framtida håpar David at han kan vere ein inspirasjon for andre; personleg er eg heilt sikker på at han er godt i gong allereie!