Annleis, men vellukka praksis

Dei nyfødde lamma ute på beite på Bøtun, ein av praksisgardane.

I år blei praksisperioden til agronomelevane, som så mykje anna, noko heilt anna enn kva som var tenkt. Fresvik tok i mot fire elevar som alle opprinneleg skulle til utlandet, men på grunn av koronakrisa måtte sjå seg om etter andre løysningar.

Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen

Henrik i Vg2 og Elisabet, Josephine og Tord i Vg3 valde å ta den to veker lange praksisperioden i den trivelege bygda Fresvik i nabokommunen Vik. Elevane som skulle reise langt av garde fekk mykje god lærdom i den kortreiste praksisen. Alle hadde planlagt å reise til ulike verksemder innafor landbruk rundt i verda. Lengst vekk skulle Henrik, som måtte avbestille bilettane sine til Tasmania i Australia, der han skulle vitje nokre vener som skal starte opp eit gardsbruk der. Dei tre andre skulle til Polen for å jobbe med mjølkesau, Tyskland for å mjølke kyr og Irland for å jobbe med ein veterinær. Etter at koronanedstenginga var eit faktum, måtte dei finne andre stader innanfor landet sine grenser ein kunne gjennomføre praksisen.

Fresvik, ei perle ved Sognefjorden med eit aktivt landbruksmiljø.

Praksisen skal førebu elevane på det livet som møter dei etter uteksaminering frå SJH, og skal gje ein peikepinn på korleis det er å jobbe i landbruket. I tillegg lærer ein jo ein heil del av å vere ein del av drifta over to veker i det som for mange er den travlaste tida på året.

Dag Einar Bøtun og Marianne Bøthun driv kvar sin gard i Fresvik, og hadde behov for arbeidskraft samstundes som dei var motiverte til å lere vekk av sin kunnskap. Dag Einar og kjærasten Marie har nett overteke garden og driv med økologisk epleproduksjon i tillegg til konvensjonell bringebærproduksjon, jordbærproduksjon og sauehald. Marianne og mannen hennar, Stein, driv nabogarden med sau og stor produksjon av økologiske eple.

Oversyn over Bøtun. Bringebær i tunell til høgre i biletet.

Elevane blei innlosjert i bygda, og fekk prøve seg i alle produksjonane. Den fyrste tida var det fokus på beskjering og oppbinding av bringebær, som er eit tidkrevande og viktig arbeid no på våren. Samstundes skulle dei siste epletrea beskjerast, eit arbeid som er enklare no på våren når ein lettare kan skilje dei vanlege bladknoppane frå blomeknoppane som gjev frukt.

Etter kvart fekk elevane vere med på lamming og tok nokre natterundar i fjøset til Dag Einar. Ei god oppleving å få vere med på å ta i mot nytt liv! Desse stundene gav god øving til lammingsvaktane som elevane seinare tek i fjøset heime på skulen.

Bøndene delte velvillig av sin kunnskap, og i løpet av to veker blir ein godt kjend og får mange gode samtalar der ein lærer mykje nytt. No er elevane drevne på kva som må gjerast i eit bringebærfelt på våren og korleis ein skal beskjere eit epletre for å få best mogleg avling. I tillegg var det kjekt med eit innblikk i konvensjonell bærproduksjon, som er noko ein ikkje er borti i skulekvardagen på SJH. Elevane følte seg godt motteke av dei gjestfrie folka i Fresvik. Bygda baud på godt vêr store delar av opphaldet, og det blei fine stundar nede med fjorden og på fjellet når elevane hadde fri.

Fritida blei nytta til fjellturar og kveldsstunder ved fjorden. Det blei fisk!

I bygda bor òg Hege og Dee Cunningham, tidlegare SJH-elevar, som inviterte på besøk for å fortelje om si drift av garden dei har nede i bygda og høgdegarden Stigen i Aurlandsfjorden. Dei har satsa på gardsturisme og guiding i tillegg til gardsdrifta som produserer mykje av grønsakene, urtene og kjøtet som dei serverar til gjestane sine. Det har med andre ord vore stor variasjon i kva for produksjonar elevane fekk vere borti.

Me vil med dette sende ein stor takk til Dag Einar og Marianne med familiar som tok så godt i mot oss og som lærte oss så mykje!