Elevane søv i sauefjøset under lemminga

Foto: Kaia Sigtona.

Våren og lemminga er i full sving her på SJH, og denne helga var me så heldige å få vere tre nattevaktar to netter på rad. Ettersom me likevel kom til å tilbringe mange timar i fjøset, tenkte me at me like greitt kunne gjere ein fest ut av det!

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Vakta starta kl. 17 på fredag, og fyrste lemming var allereie i gong kl. 19. Me hadde følgd med på ein sau som oppførte seg heller “mistenkeleg”, og som utover kvelden viste alle teikna på forstadiet av fødselen. Me laga til ein eigen lemmebinge då slimet synte seg, gjorde klart såpevatn i tilfelle, og venta i spaning. For fleire av oss var dette den fyrste lemminga me hadde aleineansvar for, og no satt me berre der og håpte at det var to framklauver me kom til å sjå og ikkje eit hovud. Det var ei spesiell oppleving å vitne ein fødsel og vite at det er ein sjølv aleine som har ansvaret for søya dersom ho skulle trenge hjelp. Heldigvis dukka det opp to klauver, og etter det gjekk fødselen raskt. Lammet kom midt i ein tanke, og vart umiddelbart overaust av mor si omsorg.

Stolt mamma av eit flott vêrlam. Eg trur eg kallar han Fedroco, etter Besten sin premievinnande elitevêr; han ser litt ut som ein Fedroco?

Eg vart sittande å fylgje med etter Fedroco var kome til verda; litt for å lage så lite bråk for den nye mammaen som mogleg, men hovudsakleg for å sjå an fødsel nummer to, som me rekna med ville skje snart. Og ganske riktig; etter maks ti minutt med velkomst og sleiking av sitt fyrste vêrlam, var ho i gong med nye fødselsrier. To klauver igjen, enda ein rask fødsel. Denne gongen sprakk ikkje fosterhinna med ein gong, og lammet vart liggande i fosterhinna. Me tok ikkje sjansen på noko når me likevel var tilgjengelege, og bestemte oss for å hjelpe mor med å opne opp slik at lammet fekk puste. Lammet hadde mykje slim rundt munn og nase, og dette tørka me bort med rein, fersk halm.

Medan eg enno var inne i lemmebingen tok eg meg fridomen til å opne spenene til mor, for å mjølke ut bakteriar som har samla seg opp i spenekanalen. Tenke seg til, eg som aldri har mjølka ein sau før! Foto: Kaia Sigtona.
Gardsarbeidar Anne-Bente Zumach viser korleis ein gjev mjølkesyrebakteriar til eit lam med utvikling av koli-bakteriar i vom.

Den fyrste natta skulle me få vere med på tre lemmingar. Neste nattskift var det berre ei. Me kjende oss nesten litt bortskjemde, vel vitande om at det er vanleg å vere nattevakt utan å få vere vitne til ei einaste ei. Me var takksame for kvar einaste ein av dei vellukka lemmingane me fekk vere vitne til og hjelpe til med. Innimellom slaga feira me med boklesing, gode samtalar, bollar i ekte Pippi Langstrøme-stil og ikkje minst vårt nye konsept: “Pie in a cup”.

Når ein tenker gjenbruk og bur i eit sauefjøs: Blåbærpai i kopp!