Praksisperioden vart ikkje heilt som planlagt då turen til Austlandet vart avlyst som fylgje av smittevern og strenge restriksjonar. Heldigvis verkar det for meg som om dei beste opplevingane ofte er dei som ikkje går heilt etter planen; med ei spontan avgjerd, ein god nabo og ein travel bestefar vart opphaldet ein kjempesuksess likevel.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
I år vart altså planane om Inn på Tunet-stall, terapiriding og ridetimar på solrike Austlandet bytta ut med eit praksisopphald på Træland Gard på Vestlandet i heimbygda. Så flaks for meg at nabogarden er ein godkjend Inn på Tunet-gard med hest, drivhus, planteoppal og kjøkkenhage, og det faktum at sola fekk føre seg at ho skulle smile også til Vestlandet gjennom heile praksisperioden. I sykleavstand frå Træland Gard ligg garden til min eigen bestefar, som det var ein glede å hjelpe midt i den travlaste tida for ein sauebonde. I vekselarbeidet mellom dei to gardane har eg verkeleg fått det beste av to verder.
Træland Gard ligg idyllisk til i Alver kommune i Vestland fylke. Garden er godkjend Inn på Tunet-gard, med pedagogiske tilbod og omsorgstilbod til born og vaksne. Garden deltek i eit skule-gard-samarbeid med den lokale montessoriskulen i bygda, og er ein av fleire tiltaksgardar som gjennom Grøn Omsorg driv med arbeidsretta tiltak for vaksne deltakarar frå Nav. Som drivarar av garden er Rolf Vabø ansvarleg for vedlikehald, bygg- og anlegg, medan Solveig Laumark-Møller er stilt opp som dagleg leiar med hovudansvar for samarbeidet med montessoriskulen og hagebruksdelen. Rolf og Solveig har drive garden saman sidan 2000; den gong med ei audmjuk besetning sau av rasane gammalnorsk sau og Suffolk.
I dag husar garden til Rolf og Solveig 23 vinterfora sau av rasane som er nemnt over, to lettdøla hestar og ein shetlandsponni, 10-15 høner med hane, samt den australske Cobber-hunden Bilbosa. Av tidlegare husdyr kan ein nemne ullgrisane Erna og Trine. Dei er diverre pølse per dags dato, men det er vel livet sin gong på ein gard. Garden vert drive i tråd med økologiske prinsipp, så her er det vekstskifte, grøngjødsling, (overflate)kompostering og husdyrgjødsel som gjeld. Solveig utdanna seg som agronom på Stend i si tid, men har nok teke med seg ein del inspirasjon frå SJH då ho var utplassert her i forbinding hennar praktisk-pedagogiske utdanning (PPU).
På Træland Gard er det alltid noko å ta tak i, og pedagogen i Solveig synast det er kjekt å oppmuntre til sjølvstendig arbeid. Med andre ord: Heilt perfekt for ein nysgjerrig landbrukskuleelev. På garden til Solveig fekk gartnaren i meg blomstre på lik linje med dei vakre blomane hennar, og eg fekk utfalde meg i fleire kjekke prosjekt. Ein typisk arbeidsdag kunne starte med ein sykkeltur til garden ein vakker vårdag. Ofte tilbrakte eg morgonen og store delar av dagen i eit varmt og lunt drivhus, der eg fann plantar i form av kjende og uoppdaga skattar som trong omsorg og stell. Her fekk eg kose meg med alt me har lært om såing, næringsbehov, prikling, potting, topping og planting. I drivhuset kunne eg setje meg sjølvstendige mål for dagen og prøve teori ut i praksis. I pausane kunne eg nyte ein lunsj av nyplukka gardsegg frå tunet, eller grønkål frå drivhuset.
I drivhuset og oppalsstasjonen på montessoriskulen jobba Solveig og eg etter lokale bestillingar. Her prikla, potta, planta og sådde me alt frå middagsblom til grønkål, og koste oss med potpurriar av pizzaurter som timian, oregano og isop. På friland pløya eg diverse grønsaks- og åkerfelt for hand. Mellom anna fekk eg klargjort og planta mitt eige gulrotfelt. Desse arbeidsoppdraga vart mine viktigaste terapitimar på dagen; her gjekk eg barføtt med blues, country og meditasjon i form av positive affirmasjonar på høgtalar. Slik gjekk eg altså og lada medan eg arbeida.
Etter inspirasjon frå fordjupingsfaget Arbeidshest på SJH fekk eg føre meg at eg skulle restaurere ein gammal arbeidssele og vidare bruke denne til å taumekøyre lettdølahesten Træl. Træl har eg kjend heilt sidan barneskulen, gjennom skule-gard-samarbeidet mellom skulen og garden, og etter kvart gjennom riding som fritidsaktivitet utanom skulen. Taumekøyring har me derimot aldri gjort saman, og Træl har ikkje rørt ein arbeidssele på mange år. Det vart kort sagt ei interessant oppleving for begge, trur eg. Lærerikt var det i alle fall! Etter enda ein arbeidsdag var dessutan noko av det kjekkaste med opphaldet på Træland Gard å ha moglegheita til å ta seg ein ridetur i skogen ein vakker solskinsdag.
Henrik Steinsund, for meg også kjend som Besten, er ein av mine store førebilete i sin lidenskapelege drift av den skotske sauerasen Sjeviot. Han driv heimgarden saman med Torill Steinsund, også kjend som Mormor. Besten har like stor omsorg for kvar einaste ein av dei 60 vinterfora sauene og lamma sine. I grunnen minner han meg litt om likninga frå bibelen om gjetaren og den bortkomne sauen. Det var ei stor glede for meg å hjelpe til på garden i travlaste april med lemming og alt som han elles er travelt oppteken med på garden.
På garden til Besten brukte eg traktoren til å frakte steinen som me samla i haugar på beitet førre sommar. Det grovaste materialet vart brukt til å lage veg i ein problematisk gjørmete overgang mellom beite og skog, medan dei finaste steinane vart lagt vekk til muring. Så kjekt det var å vere med på ein heilskap og samstundes få øvd seg på tekniske ferdigheiter.
Besten og eg tilbrakte to soldagar på rad på florstaket der me kasta takstein. Taksteinen vart flytta med traktor i jamne mellomrom til grusvegen nedom floren, der han vart nytta som vegdekke. Elles koste eg meg med minidrivhuset til Mormor og meg, og fryda meg over spirene som byrja å titte fram her. Elles vart det litt vedkløyving på garden; ekstra kjekt var det å hogge ved med kjærasten. Parallelt med fagstoff frå SJH om høneflokken og deira naturlege revir, starta eg også hanefarprosjektet mitt: Prosjekt “Hønene til Mormor treng ein mann”. Med litt agronomisk argumentasjon klarte eg til slutt å overtale Besten og Mormor til å ta inn ein hane i høneflokken. No håpar eg berre at dei to heldt ut med den nådelause galinga for hønene si skuld, og bit i meg ein latter kvar gong han gjel; vel vitande av blikket til Mormor at ho ikkje synast det er så morosamt.