Det er fyrst og fremst tittelen agronom i økologisk landbruk ein tek med seg som avgangselev ved endt skulegang på SJH. I år har ei utviding av foredlingsoppgåva i faget Næringsdrift gjeve Vg3-elevane moglegheit til å utvikle og skine med sine evner også på nye, spanande område.
Tekst: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
I Vg3-faget Næringsdrift har elevane tradisjonelt fått i oppgåve å foredle ein matkultur gjennom tradisjon eller nyskaping. I år har elevane fått fritt spelerom til å skape noko heilt eige utan at det må handle om mat. I prosessen har elevane imponert med sine vakre og unike produkt. Avgongselevane Jenny Hernes, Andreas Dalland og Frederik S. Berntsen viser på kvar sin måte at foredling er meir enn matproduksjon. Me er stolte av å presentere dei ferdige produkta deira:
Kvinna bak kunsten: Jenny Hernes
Fyrst ut er Jenny Hernes, som for augneblinken held sin fyrste kolleksjon av personlege kunstteikningar i gardsbutikken på skuletunet. Med bakgrunn i formgjevingsutdanning og ei livslang interesse for teikning, samt ei kunstnerisk løysing for ein kropp som treng rørsle innimellom undervisinga, har ho skapt ein heilt unik teiknemetode. Jenny likar å kladde med blyant og papir i timane, og ho opplever at dette gjer det lettare for ho å konsentrere seg om undervisinga. Det er rett og slett denne kladdinga, i form av spiralar og organiske formar, kombinert med realistisk skissering av anatomisk korrekte dyr og menneske, som utgjer teiknestilen til Jenny. Med tida har Jenny eksperimentert med innslag av ulike fargar; nokre av desse fargane kjem frå naturblekk som ho har laga sjølv. Som pigment eller basefarge har ho eksperimentert med bjørnebær og blåbær, og eddik, potet- og kveitemjøl som stivelse. Sjølv meiner ho at det beste resultatet har vore ein kombinasjon av blåbær som pigment og potetmjøl som stivelse. Resultatet er uansett fantastisk vakkert!
Mannen bak lysestaken: Andreas Dalland
Nestemann ut er Andreas Dalland. Denne kreative karen kom opp med ideen sin ei mørk vinternatt då han vart møtt av eit lysande fyrtårn på veg til Aurland. Denne opplevinga har inspirert Andreas til å skape sine eigne lysestakar, med ein romantisk tanke om å spreie lys i mørketida her i dalen. I prosjektet sitt foredlar han lokalt tømmer frå Aurland, som i praksis kjem frå ask og hegg på skuletunet. Andreas er sjølvlært gjennom eigenøving på skulen sin treverkstad, med innspel og inspirasjon frå Youtube. Han fortel også at dreiekurset som vart heldt på skulen i byrjinga av semesteret, med tidlegare rektor Olav Arnar Bø, har vore til god hjelp.
Mannen bak keramikken: Frederik S. Berntsen
Sist, men absolutt ikkje minst, har me pottemakaren Frederik Berntsen. Frederik har hatt keramikk som hobby heilt sidan han kom til Aurland og oppdaga keramikkverkstaden i Husflidslaget si Hopastove. Til prosjektet i Næringsdrift tenkte Frederik at det var ein god ide å drive med noko han trivst med; kva kunne vel vere betre enn den allereie eksisterande keramikkhobbyen hans? Slik fekk han kombinere skule og hobby, og i prosessen har han berre lært meir og meir. Noko av inspirasjonen har han mellom anna fått frå YouTube. I keramikkverkstaden på Hopastova lagar han dei mest sjarmerande pottene du kan tenke deg. Her former Frederik pottene sine, brenn dei, glaserer dei og brenn dei ein gong til. Loka lagar han sjølv ved hjelp av dreiebenken på treverkstaden til skulen. Resultatet er vassfaste, sjarmerande keramikkpotter som for augneblinken også er til sals i gardsbutikken.