Som gardbrukar er ein aldri arbeidslaus, og nokre av elevane vel å kombinere skulestenginga under koronakrisa med å hjelpe til heime på garden. Ingrid og Simen går begge i Vg2, og kjem frå kvar sin kant av landet. Dei kjem begge frå gardsbruk, og er to av elevane som har reist heim for å hjelpe til i gardsdrifta samstundes som dei er med på undervisninga som går føre seg på internett. Her får du høyre litt frå dei!
Tekst: Tord Skrudland Kjeldsen
Simen Løken, 22 år, frå Haugalykkja i Øyer kommune
Kva for produksjon er det på garden din og kva er dine arbeidsoppgåver no?
På garden har me mjølkeproduksjon med 20 mjølkekyr, i tillegg til ein liten flokk med geiter og høns.
Eg hjelper til med det daglege stellet, mjølking, fôring osv. Det er framleis vinter her eg bur, så det er ikkje noko våronn enda, men eg held på med vedproduksjon, og litt planteoppal til eigen kjøkenhage.
Korleis går det å fylgje undervisninga samstundes som du er heime på garden?
Det går heilt greitt, men det er keisamt å sitta inne og jobbe med oppgåver, når eg heller kunne vore ute og jobba med noko.
Korleis påverkar koronaen gardsdrifta? Gjer de noko annleis?
Me gjer ikkje noko spesielt annleis, bortsett frå å vere nøye med vasking før og etter mjølkebilen har vore innom garden.
Korleis får du bruk for det du lærer på SJH i arbeidet?
Eg kjenner godt til både mjølking, motorsag og vedproduksjon frå før, så i det daglege arbeidet på garden er det ikkje så mykje lærdom eg har fått bruk for. Men eg tenkjer mykje på korleis drifta er no, og korleis eg sjølv har lyst til å drive garden i framtida, og eg har meir teori med meg i hovudet no når eg arbeider. No veit eg kvifor eg gjer ting, og korleis eg kan gjere det best mogleg.
I mitt vesle kjøkkenhage-prosjekt bruker eg mykje av kunnskapen frå SJH, både til plante-oppal, og frukttre og bærbusk-beskjæring.
Far er rekneskapsførar, så eg har også fått litt meir praktisk innsikt i korleis eit gardsrekneskap er.
Kva tenkjer du om matproduksjon framover? Er norsk matproduksjon viktigare no enn før?
Eg tenkjer at no er norsk matproduksjon veldig aktuelt, og at det er viktig at vi er så sjølvforsynte som mogleg. Eg håper at fleire får auga opp for kor naudsynt norsk matproduksjon er, både private og politikare.
Ingrid Vethe Styve, 22 år, frå Evanger i Voss Herad
Kva for produksjon er det på garden og kva er dine arbeidsoppgåver no?
Me er ein familie på 5 og bur på ein brattlendt gard på Styve. Her driv me i hovudsak med gammalnorsk spælsau, og har ein besetning på rundt 80 vinterfôra sau. Elles driv me smått med kjøkkenhage til eige bruk, og skal prøva oss på ein grønsaksåker i år med diverse rotgrønsaker, squash og grønkål. Akkurat no er det mykje bygging og ordning på både driftsbygningen og anna rundt om på tunet. Grønsakshagen skal planleggast og det same med den vesle kjøkkenhagen. No om dagane har eg fått hovudansvar for sauane, og sjodnar (steller med sauane) morgon og kveld. Det er veldig kjekt og spanande då lembinga (lamminga) nærmar seg. Då får ein vere både bonde og jordmor på same tid.
Korleis går det å fylgje undervisninga samstundes som du er heime på garden?
Det går bra å fylgje me i undervisninga. Det er ein variert kvardag då ein fyrst går ein tur i floren til sauane før det er «vanleg» skuledag med video og oppgåver, før ein ser til sauene igjen. Dette er god læring, då eg kan prøve meg på det ein lærer på skulen samstundes som eg er heime. Det blir litt «learning by doing», då ein prøvar seg på litt forskjellig som ein ikkje har gjort så mykje før, spesielt med tanke på grønsakene. Sjølvsagt er det mykje kjekkare å ha ein jordbruksskule der ein kan vera til stades, men det går veldig greitt å få skuledagen på film. Me har fått sett både topping av tomater, korleis ein spreiar kompost på jordet og mykje anna. Tykkjer lærarane er flinke som tar dette på strak arm.
Korleis påverkar koronaen gardsdrifta? Gjer de noko annleis?
Me gjer ikkje så mykje annleis no enn før. Dyrlegane og saueklipparane har gjort ting på same måten, og me må berre halde god nok avstand til alle. Sauane er klipt og det har gått veldig fint til no. Me ynskjer ikkje at andre enn oss sjølv i familien skal gå inn i floren både under sjodninga og når det kjem mange kjekke lam ein vil helse på. Me lev eigentleg likt som før, berre i ei eige boble her oppe på garden, med litt mindre besøk enn vanleg.
Korleis får du bruk for det du lærer på SJH i arbeidet?
Eg har fått bruk for mykje me har lært på skulen. Både det eg har lært med skogsdrift, beskjæring av tre og buskar, planlegging og mykje anna. Me hadde beskjering av bringebærbuskar for ei stund sidan på skulen, og no har eg byrja å fikse opp eit gamalt bringebærfelt, slik at me kan få betra tilgangen. Me har ein del skog og stiar, der eg kan halde på med motorsag og rydde. Buvegen der sauane går opp på fjellet skal ryddast, og det er fint å gjere no på denne tida. Me fekk heldigvis lære ein del om oppal no på våren og gjorde dette ein del i praksis før me måtte reise heimatt. Dette kjem godt med då me skal ha ein del grønsaker, og me ikkje har drive så mykje med dette tidlegare. Veldig kjekt! Eg tykkjer me er heldige på SJH som får lære om grønsaksdyrking og husdyrhald.
Kva tenkjer du om matproduksjon framover? Er norsk matproduksjon viktigare no enn før?
Matproduksjonen kjem nok til å vera litt i fokus no framover i tida. Det er viktig å kjøpe mat i frå norske bønder og tenkje litt meir over kva ein handlar på butikken. Kjøper ein varer som er importert langvegs frå, eller kjøper ein varer frå norske bønder? Me bør verta flinkare på å dyrke litt sjølv, om det så berre er urter, liten eller stor grønsakshage. Noko lite er i alle fall betre enn ingenting. Det kan gje både mat, og ikkje minst god læring!
Eg tykkjer me er heldige på SJH som får lære om grønsaksdyrking og husdyrhald
Det er ikkje bra for miljøet å importere så mykje mat som me gjer i dag, og dette kan me prøve å endre på. Ein kan få kjøpt skikkeleg gode norske mjølkeprodukt, kjøt frå beitande dyr og grønsaker rett i frå jorda på butikkane. Den norske matproduksjonen er nok viktigare no, då andre land kanskje vil slite med å halde matproduksjonen oppe med tanke på sjukdom. Ein veit aldri kor mykje avling ein vil få under denne sumaren, og kunne importere til Noreg.