Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom under koronapandemien

Foto: Shutterstock

Vestland fylkeskommune opprettar eit lågterskel tilbod, kor dei unge kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Tilbodet er eit supplement til skulane sine tilbod.

Landet vårt er inne i ein krisesituasjon, og når skular er stengt og lærlingar blir permittert, kan dette påverke elevar og lærlingar si psykiske helse på forskjellige måtar.

Ungdom utanfor opplæring får heller ikkje den oppfølginga dei normalt ville mottatt. Det kan oppstå ekstra behov for å snakke med nokon om dette. I Vestland fylkeskommune vert det derfor oppretta eit lågterskel tilbod, kor ein kan ta kontakt med fagpersonar med psykologisk kompetanse. Tilbodet er eit supplement til skulane sine tilbod. 

Støttetelefonen har nummer 51 20 71 21, og er open 12.00 – 18.00 måndag – fredag, med oppstart torsdag 26. mars.

Kven kan ringe?

Elevar, lærlingar, ungdom under oppfølging av OT og deira føresette. Du kan ringe anonymt. Dei som tek telefonen kan ikkje spore kven som ringer.

Kva for spørsmål kan vi hjelpe med?

Om du har behov for nokon å snakke med om uro, bekymringar, einsemd, vanskelege tankar og kjensler.

Kven samarbeider vi med?

Skular, opplæringskontor, rettleiingstenesta, elev- og lærlingombodet.

Den som ringer vil bli møtt av fagpersonar med psykologisk kompetanse med erfaring frå arbeid med ungdom og unge vaksne.

Kva om du treng videreoppfølging?

Dersom du treng hjelp som inneber vidare oppfølging, treng vi samtykke til dette. Du kan då ikkje vere anonym.

Støttetelefon for elevar, lærlingar og ungdom i oppfølgingstenesta

Måndag- fredag 12.00-18.00

Les meir her.