Frå Pippi Langstrømpe til Lina i Lønneberget: Fjøsveka på SJH

Medelev Victoria N. Lied gjev Raudlin ein god massasje medan ho ventar på at mjølkemaskina skal verte ferdig. Stimulering og kos i eitt!

Enda ei fjøsveke er i gong på SJH, og denne gongen er det medelev Victoria og underteikna som er budeier på garden. Saman med elevane på fôring skal me i fjøset klokka seks på morgonen, tre på ettermiddagen og ni på kvelden, samt mellomstell i helga. Kombinert med undervisning og eit sosialt liv utanfor skule- og arbeidstid, kan fjøsveka kjennast intens for ein uerfaren landbrukselev. Her får du eit innblikk i ein framtidig småfebonde sitt fyrste møte med mjølkekyra på SJH – og det meir eller mindre berykta mjølkeanlegget på garden.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Måndag morgon: Det går nokre rykte her på skulen om mjølkeanlegget og den tilsynelatande rakettforskinga som krevst for å handtere det. Så vanskeleg kan det vel ikkje vere, tenkjer eg. Men så står eg her då, lang i ansiktet og med store auge medan lærar Hannah går gjennom mjølkeanlegginstruksen steg for steg. Til no har me gått gjennom 26 punkt, beståande av forskjellige spakar, knappar, ventilar, røyr, proppar og kranar, som alle skal handterast i riktig rekkjefølgje. Til no har me berre gått gjennom klargjeringa av mjølkeanlegget. Lærar Hannah ser på meg med sitt unike blikk, lurt, med eit glimt av humor; «Dette skal de lære dykk til helga, for då er de heilt på eiga hand». Eg ler nervøst.

Onsdag morgon: Morgonstellet er teke, og eg brukar ein av undervisningspausane som førebuing til ettermiddagsstellet. Hannah fortalde meg i dag tidleg at eg skal prøve å gå gjennom mjølkeprosessen heilt sjølv i dag, så no har eg leita fram den berømte mjølkeanlegginstruksen frå ein genial avgangselev, og prøver å repetere slik at eg kan arbeide mest mogleg sjølvstendig. Eg registrerer at eg skal gjennom om lag 60 punkt, i riktig rekkjefølgje, aleine. Hjelp.

Ei kjærkommen avveksling (og hårklipp?) for ein framtidig småfebonde. Bukkekillingen Tiny sparar ikkje på kosen – og i alle fall ikkje på håret mitt!

Fredag ettermiddag: Dei to siste dagane har vore ei skikkeleg berg- og dalbane. Onsdag ettermiddag møtte eg opp i fjøset med ei stoisk Pippi Langstrømpe-innstilling, berre for å oppdage at eg kanskje var enda meir forvirra enn før. Kvar var kvar, og når var når? Heldigvis er lærarane framleis her til å støtte oss! Torsdag morgon oppdaga eg til mi store glede at mjølkerutinane byrja å sitje. Med hjernekapasitet til gode byrja Victoria og eg å utfylle kvarandre sine arbeidsoppgåver. I takt med forståinga for mjølkeanlegget vaks også kunnskapen og forståinga for rutinane og dynamikken i fjøset. Ikkje berre fekk me bruk for det me har lært i husdyrtimane om juret sin anatomi, pH og hygiene. Etter kvart fekk me også innblikk i kyra si verd, og me fekk auka forståing for deira unike personlegheiter. Kyra har ikkje berre ulike behov for fôrrasjonar og kosttilskot; Omsorg og tilpassa pleie er minst like viktig.

Heldigvis er det krav om lufting i økologisk landbruk. Her luftar medelev Jenny Hernes både kalvane og meg, trur eg.

Sundag ettermiddag: For ei helg! Dei siste dagane har me drive garden heilt på eiga hand, med ei skrekkblanda fryd for tilliten lærarane har vist oss. Eg kjende at eg klarte å puste litt mellom slaga då helga kom. Plutseleg hadde me mykje ledig fritid å kose oss med, og me kunne konsentrere kreftene om fjøset. Laurdag kl. 10 var det tid for lufting av kyra og kalvane under mellomstellet. Overvelda etter veka og dei mange inntrykka i fjøset, var nok luftinga like naudsynt for oss som for dyra. Jenny og eg sat oss ned for å sjå på kalvane i sola. Dei nysgjerrige og hjartevarme luringane kom bort til oss og sleika oss i ansiktet. Capsen til Jenny forsvann i prosessen, og me fekk oss ein god latter der i solveggen.

Måndag morgon: Siste fjøsvakt er over, og eg ser tilbake på ei minnerik veke. Læringskurva har vore bratt for ein sauevarm landbruksskuleelev. Eg hadde knapt tatt i eit jur ved starten av fjøsveka, og no mjølkar eg som om eg er Lina frå Emil i Lønneberget. Eg klarar å handtere mjølkeanlegget meir eller mindre sjølvstendig, og dei 60 anleggsrutinane kjennast ikkje ut som rakettforsking lenger. Eg har vorte kjend med kyra i fjøset på ein heilt ny måte, deira unike personlegdommar, særeigenheiter og behov; Kven som er meir følsame, kven som treng ekstra støtte, kven som er venninne med kven, og kven som må passast ekstra på. I prosessen har eg nok også vorte betre kjend med meg sjølv. Fjøsveka har vore tøff på mange måtar, og eg opplever at det er i slike omstende ein vert klar over kva ein er bygd av og har i seg. Eg ser tilbake på fjøsveka med takksemd, for utfordringane og meistringa som følgde med. No ser eg fram til å stå opp kl. 8 i morgon!