Stilling ledig: Rektor!


Sogn Jord- og Hagebruksskule søkjer ny rektor. Dette er ein unik moglegheit til å bli med på å utvikle skulens rolle som kreativ samfunnsaktør innan økologisk landbruk og arbeide med næringsutvikling i landbruket. Er du kandidaten vi leiter etter?

Søknadsfristen er 25. mars 2020.

Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) ligg sentralt i Aurland kommune – ein vidaregåande skule med landsline i økologisk landbruk med plass til 52 elevar. Eit allsidig økologisk drive skulegardsbruk er sentralt i undervisinga.  Skulen har gartneri, gardsbutikk, internat, ulike typar foredlingslokale og Ressurssenter. Kompetansenavet Vest er lokalisert til skulen – tilbod til småskala matbedrifter i oppdrag frå Innovasjon Norge. Målsetjinga til skulen er å vera kreativ samfunnsaktør innanfor økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket. 

Vi søkjer deg som 

  • set elevane si læring og deira utvikling i sentrum for skulen sitt arbeid 
  • har evne til å sette retning og vidareutvikle skulen som eit viktig kompetansesenter for organisasjonar, næringsliv og det offentlege 
  • skapar eit godt og inkluderande arbeids- og læringsmiljø 
  • er utviklingsorientert og engasjert 
  • opptrer tydeleg som arbeidsgivar og gjennomføre politiske og administrative vedtak
  • har gode leiareigenskapar og erfaring frå leiarstilling  

Kvalifikasjonar

Den som blir tilsett må stette dei formelle krava i Opplæringslova § 9-1: ”Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar”. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt i tilsettinga. Vi forventar digital kompetanse og ein bør ha kunnskapar og engasjement for økologisk landbruk og næringsutvikling i landbruket.  

Vi tilbyr

  • givande arbeid med unge og vaksne i opplæring
  • eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • løn etter avtale
  • fylkeskommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
  • hjelp til å skaffe bustad
  • dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
  • god støtte frå leiarar og fagmiljø i sentraladministrasjonen 

Vestland fylkeskommune har høg kompetanse på utvikling, leiing og styring av dei vidaregåande skulane. 

Vi legg vekt på godt samarbeid, tett kontakt, dialog og oppfølging mellom rektorane og fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse.  

Andre opplysningar
Tilsetjing skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Arbeidsgivar:
Vestland Fylkeskommune

  
Søknadsfrist 25. mars 2020  

Søk på stillinga her.

Kontaktinformasjon:
For meir informasjon om stillinga ta kontakt med områdeleiar
Tor-Einar Holvik Skinlo
Tlf: 958 39 029
tor-einar.holvik.skinlo@vlfk.no