Koronaråd til elevar og tilsette

Foto: Shutterstock

På bakgrunn av siste dagars utvikling av koronaviruset, kjem Vestland fylkeskommune no med følgjande oppmoding til elevar i den vidaregåande skulen og til alle tilsette.

Har du den siste tida vore i område med korona-smitte eller i kontakt med nokon som var smitta og sjølv har symptom på smitte, tilrår vi i at du tar heimeisolasjon og kontaktar fastlegen per telefon.

Følgjer du råda til Folkehelseinstituttet, kan fastlegen gje sjukemelding utan oppmøte.

Har du ikkje vore på reise eller i kontakt med korona-smitta, ber vi deg møte på arbeid og skule som vanleg.

Vestland fylkeskommune har vel 6000 tilsette, og det er 22 000 elever i den vidaregåande skulen i fylket. 

Sjå også Helsedirektoratets informasjonsfilm om Koronoa-viruset her: