Fylkesvinnar og andreplass på landsbasis i Klima-NM

I byrjinga av Klimameisterskapet samla begge klassane seg rundt bjørketreet på skuletunet. Saman kjende me på mangfaldet og tilknytinga til naturen.

I år vart NM i Klima arrangert frå 21. januar til 4. februar, og SJH var sjølvsagt med i den spennande kampen. I to veker har elevane og lærarane engasjert seg i konkurransen ved å finne enda fleire måtar å bidra positivt til klimautfordringane på og redusere eigne fotavtrykk.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Klimameisterskapet er ein to vekers konkurranse mellom skular over heile landet, arrangert av Natur og Ungdom, Ducky og Framtiden i våre hender. SJH er ein av dei 53 skulane som deltok i konkurransen om å redusere eigne CO2- utslepp. For å delta i konkurransen har elevar og lærarar utført og loggført klimavennlege handlingar i kvardagen. I loggføringa fekk me poeng for kvar miljøpositive handling me gjorde, samt eit grovt reknestykke over kor mykje utslepp me kunne rekne med å ha spart individuelt og som lag.

Medelev Sidsel Ejrnæs starta Klimameisterskapet med eit inspirerande føredrag om klimapolitikk for begge klassane.

Medelev Sidsel Ejrnæs inviterte begge klassane på føredrag i byrjinga av Klimameisterskapet. Her vart det retta merksemd mot klimautfordringa som politisk problem, og utfordringa som ligg i å individualisere og redusere problemet til eit spørsmål om berekraftige forbruksvanar. Føremålet var å gje elevane eit felles språk og utgangspunkt i byrjinga av Klimameisterskapet, og å setje i gong tankar om kva for moglegheiter me har for å setje vårt preg på landbruk i framtida. I forhold til dette diskuterte me korleis me kan setje i gong nye klimaprosjekt på skulen.

På klimakampen si nettside, “Ducky”, kunne deltakarane logge klimavennlege aktivitetar som å gå eller sykle til aktivitetar, spare vassressursar og meir.

Det var kjekt å oppleve engasjementet på SJH i løpet av Klimameisterskapet. Halvvegs ut i konkurransen inviterte mellom andre ein inspirert elev til eit kollektivt reparasjonslaug. Klimaloggføringa hadde inspirert han til å reparere klede og utstyr, og denne trenden ynskte han å ta vidare. Sjølv har eg vorte inspirert til å redusere matsvinn, og har aktivisert meg sjølv og andre i “dumpstring”.
Elevane med fordjuping i hest drog ut i skogen for å frakte tømmer midt i Klimameisterskapet. Traktoren stod att på garden; Me tok heller med oss dølahesten Flaka på ei trimøkt ute i det fri.

Kvifor køyre traktor når ein kan bruke arbeidshest? Her står medelev Anders Fossland klar til å køyre tømmer med dølahesten Flaka.

Som elev på ein økologisk landbruksskule synast eg det er viktig å sjå klimautfordringa i lys av eit større bilete. Eitt døme er Klimautfordringa si premiering av redusert kjøttkonsumering. Med eit økologisk perspektiv kan det verke litt enkelt å setje spørjeteikn ved å ete eller ikkje ete kjøt, og leggje stopplinja der. Det finst viktige faktorar som speler inn i kjøtdiskusjonen: Lokal matproduksjon, utnytting av naturlege og klimatiske ressursar, beiting, karbonbinding i jorda og satsing på grovfòr føre importert kraftfòr for å nemne nokre. Slike faktorar vert ikkje tekne omsyn til i klimautfordringa si loggføring. Her på SJH fokuserer me på samspelet mellom ressursane på garden som heilskap. Me anerkjenner at kjøt kan vere berekraftig dersom produksjonen og forvaltinga skjer i samsvar med naturen som heilskap.

Personleg synast eg at klimameisterskapet har vore spennande, inspirerande og sosialt. Det kjekkaste har for meg vore kjensla av å få til noko som eit lag, og å sjå at små handlingar kan ha stor innverknad. Konkurransen har vore spennande og til dels nervepirrande, etter å ha veksla mellom å vere på fyrsteplass og å vere hakk i hæl Skansen VGS.

Me kan stolt annonsere at SJH vart fylkesvinnar i Sogn og Fjordane!
På landsbasis hamna SJH på ein sterk andreplass, berre eitt poeng bak Skansen VGS. Frå Sogn og Fjordane fylkeskommune får me ein flott premie på 15 000 kr som skulen får nytta til eit miljøvenleg formål.
Den viktigaste premien er likevel alt me klarte å utrette under Klimameisterskapet; Totalt skal alle deltakarane ha spart 432 160 CO2! Sjølvsagt må ein ta i vurdering at dette er eit grovt reknestykke, og at ein må ta omsyn til dei avgrensingane som følgjer med aktivitetane til Klimakampen si loggføring. Det er uansett kjekt å sjå kor mykje ein kan utrette, både individuelt og kollektivt!