Mobilt mjølkeanlegg og geitekyss

Den vesle bygda Undredal ligg vakkert til ved vestsida av Aurlandsfjorden.

Vg2-elevane fekk ei kjekk avslutning på veka med gardsbesøk til Undredal gard. Me vart tekne imot av tidlegare SJH-elev Gunhild Borlaug, som saman med mannen Stig Arne er ansvarleg for geitedrifta og ystinga på garden.

Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll

Geit har alltid vore det store i Undredal, fortalde husdyrlærar Even entusiastisk før me gjekk inn i geitefjøset til Gunhild og Stig Arne Borlaug. Historisk har Undredal utmerkt seg for sin sjølveigne geiteproduksjon, og garden har hatt geit som hovudproduksjon gjennom fleire generasjonar sidan den gong. I dag vert garden drive med ei besetning på om lag 100 geiter, samt dei nesten 100 killingane som allereie hoppar og spring rundt i fjøset.

Større gjestfridom skal ein leite lenge etter! Her vert medelev Ina Støen ynskt velkommen av Gunhild sin heilt eigne velkomstkomité.

Det var interessant å sjå korleis drifta av eit geitehald kan sjå ut utanfor SJH. Mykje minna om vårt eige geitehald på skulen, men samstundes var det ein del som var ulikt. Garden på Undredal hadde ein eigen stall til geitene sine, samt artige løysingar som til dømes ein roterande klø-børste og ein kraftfôringsautomat som var samkøyrd med halsbanda til geitene. Mest imponerande var likevel det mobile mjølkeanlegget på hjul, som Stig Arne sjølv har laga. Mjølkeanlegget kan flyttast med traktor og køyrast rett inn i fjøset. På denne måten vert mjølkeanlegget praktisk flytta og delt med gardane Melhus og Langhus. Totalt mjølkast det om lag heile 250 geiter to gongar om dagen!

Gunhild og Stig Arne hadde laga til eit eige leikerom for killingane som dei kan få klatre, hoppe og sprette på.

Geit har alltid vore det store i Undredal

Det var også inspirerande å oppleve ein generasjonssterk gard i sitt møte med moderne utfordringar. Geitegarden i Undredal møter desse samstundes som dei ivaretek dyra sine behov for omsorg. Det er tydeleg at geitene har det godt på garden til Gunhild og Stig Arne.

Dette har vore ein inspirerande og lærerik dag!

Medelev Philip Vethe og eg har hender og bein fulle med leikne og kosete killingar.