Les heile saka frå Aurlendingen her:
Med solseller montert over eit fjøstak på 350 kvadratmeter produserer Sogn jord og hagebruksskule (SJH) på årsbasis om lag 34 000 kilowatt-timar til eige bruk.
Tekst og foto: Arne Veum/Aurlendingen
Solselleanlegget, som utgjer den eine halvparten av fjøstaket, kan ved optimale tilhøve langt på veg forsyne heile fjøsen, ysteriet og gartneriet med straum om sommaren.
Vedlikehaldsfritt
Solselleanlegget er det første i sitt slag bygt i regi av Sogn og fjordane fylkeskommune (no Vestland fylkeskommune) i dette fylket. Driftsteknikkar ved SJH, Morten Petterson, fortel om eit anlegg som har fungert prikkritt sidan installasjonen var ferdig i oktober i fjor. I sommarhavåret kan anlegget produsere straum i ein mengd som langt på veg dekker behovet til dei tre nemnde bygga. Om vinteren er det annleis, då er energiproduksjonen naturleg nok lågare og det må supplerast med straum frå det faste nettet. Petterson fortel om ein anlegg som så langt har fungert prikkfritt. – Det er mest vedlikehaldsfritt. Det skal ved behov haldast reint, noko som kan normalt kan gjerast ved å spyle det med vanleg hageslange.
Vekt estetikk
– Ideen om solsellepanel kom opp då fjøstaket skulle leggjast om. – Det vart gjort både økonomiske og miljømessige vurderingar, og me landa på å velje såkalla bygningsintegrert solselletak på sørvendt takflate. Taket er nok ein «Rolls-Royce» modell, der estetiske omsyn også er høgt prioritert. Me kunne nok valt rimelegare løysingar med høgare energiproduksjon, men dei estetiske omsyna var viktige, seier Audun Torvaldsen ved eigedomsseksjonen i Vestland fylkeskommune. – Når er taket tent inn? – I våre kalkylar vil anlegget vere nedbetalt etter 15 – 20 år, og normal levetid for eit slikt solselletak er om lag 30 år. Frå vår side vil dette vere eit satsingsområde framover, og bruk av solenergi ligg inne som eit element i komande byggjeprosjekt, seier Torvaldsen. Han legg til at det som tidlegare var Hordaland fylkeskommune har montert solselleanlegg på fleire bygg i sitt fylke.
Ved produksjon av større kraftmengder enn det er trong for til dei nemnde bygga, er anlegget rigga slik at det kan levere til fastnettet, men då det eige energibehovet er såpass stort vil det i følgje Torvaldesen ikkje vere aktuelt.