SJH på Øko2020 – Landbrukets økologikongress

Øko2020 er den fyrste kongressen av sitt slag i Noreg og samla heile landbruket til to dagar med fag, samarbeid og ny giv inn i framtida.

Tekst: Tord Skrudland Kjeldsen Foto: Debio/Birgitta Eva Hollander

Den nasjonale kongressen er inspirert frå økologikongressen i Danmark, og blei arrangert av Norsk Landbruksrådgjeving, NORSØK, Økologisk Norge, Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Debio og Matvalget. Dette vitnar om at heile næringa sto saman om arrangementet, og sjølv om kongressen har eit stort Ø-stempel på seg, samla han bønder, rådgivarar, forskarar og mange andre som har tilknytning til landbruket. Her fekk dei fagleg oppdatering for å sjå på korleis landbruket kan bidra til ein bærekraftig, miljø- og klimavennleg framtid. Og for dei som lurar: ho er lys!

I staden for å stå på kvar si side kan økologiske og konvensjonelle bønder no stå saman og lære av kvarandre, og mange av foredragshaldarane snakka om økologiske produsentar sin spydspissfunksjon i landbruket. Det me jobbar mot i dag vil vere på dagsordenen i morgon. Eit eksempel på dette er korleis einskilde økologiske mjølkeprodusentar forsøker å løyse utfordringar knytt til å la ku og kalv gå saman over ein lengre periode. Her er det mange moglegheiter, og mjølkebonde Einar Kiserud frå Østfold fortalde om sine løysingar som virka gode og gjennomtenkte, sjølv om dei ikkje er kompliserte!

Mat- og forbruksforskar Annechen Bahr Bugge frå SIFO fortalde om korleis matvanane til nordmenn endrar seg i eit foredrag om dagens og morgondagens matforbrukar. Å velje rett mat har blitt meir komplekst og vanskeleg for forbrukeren. Mat skal ikkje ha negative konsekvensar for eiga helse eller omgjevnaden; naturen, miljøet, klima, dyra, fisken, bonden, lokalsamfunnet, produksjonsarbeidarane og fremtidens generasjoner skal ein ta omsyn til. Konsekvensen er at forbrukarane har fått eit anstrengt forhold til mat. Men kva er så løysinga?

Ho peikar på kortreist mat og mat dyrka etter økologiske prinsipp, gjerne i ein kombinasjon, som noko av det som forbrukarane kjem til å spørje etter no framover. Og kven andre er vel bedre rusta til å møte denne etterspurnaden enn øko-agronomane frå Sogn Jord- og Hagebruksskule?

Foto: Sogn Jord- og Hagebruksskule

Frå Aurland reiste rektor, informasjonsmedarbeidar og ein elev for å representere SJH i det som no er blitt etablert som eit framtidsretta samlingspunkt for heile det økologiske fellesskapet. Sjølv om mange av deltakarane allereie kjente til SJH, var det stor interesse for skulen og det me driv med her. Alle som ville fekk smake eplemost frå eplefeltet vårt, og det blei mange gode samtalar. Nokre hadde gått på skulen sjølv, andre kjenner til elevar som går her no, og det var til og med dei som kunne tenke seg å starte på skulen! (Og det er berre å søke, søknadsfristen er 1. mars!)

Visste du at planterøtene et og fordøyar jordbakteriar for å skaffe planta næring? Ein kan faktisk kalle plantane for eit slags rovdyr. Det er noko å tenke på for alle vegetarianarar…

Skulen er inne i fleire prosjekt knytt til jordhelse og karbonbinding i jord. Dette passa godt saman med at heile programmet fyrste dag var via til jordhelse og den omfattande forskinga som finst. Jordforskaren og jordhelseeksperten Joel Williams frå Australia opna med eit inspirerande foredrag om kor komplisert og innfløkt biologien i jorda er. Plantar og mikroorganismane i jorda har utvikla ein avansert symbiose og etter foredraget var det få som var i tvil om at jordlivet må takast på alvor av alle som driv med landbruk. Framtida er økologisk! Visste du at planterøtene faktisk et og fordøyar jordbakteriar for å skaffe planta næring? Ein kan faktisk kalle plantene for eit slags rovdyr. Det er noko å tenke på for alle vegetarianarar…

I tillegg til fag blei det tid til diskusjonar og ein paneldebatt. Daglegvarekjedene representert ved bærekraftsansvarleg i Norgesgruppen, sjef for samfunnsansvar og miljø i Rema 1000 og miljøsjefen i Coop møtte kvarandre og blei utfordra på korleis dei jobbar med å få ein velfungerande marknad for økologisk mat. Det var spennande å høyre frå ei næring som lett blir utskjeld, men sjølv om dei har mange gode svar, er det framleis mange utfordringar. Inspirasjonsbøndene i Landbrukets Økoløft hadde mange gode spørsmål, og mellom anna plommekrisa frå i fjor blei nemd. Då blei mange tonn økologiske plommer aldri distribuert ut i butikkane, og dei få tonna som var distribuert blei selde som konvensjonelle. Det er viktig at alle tek i eit tak for å fronte norsk og økologisk matproduksjon, og få folk til å velje dette framfor noko anna.

Dag nummer to blei delt inn i fire ulike fagemne: grovfôr og drøvtyggjarar, korn, frukt og bær og grønsaker. Bønder fikk fortelje konkret om korleis dei forvaltar si jord, og rådgivarar og forskarar kunne gje oss eit innsyn i tida framover. Rose Bergslid frå NORSØK heldt eit føredrag om raudt kjøt og klima som prøvde å få fram kor bra dette kjøtet kan vere sjølv om mange meiner me berre skal kvitte oss med både kua og sauen. Alice Budai frå NIBIO tok opp tråden med biokol i foredraget “Potensialet for biokull i grønnsaksproduksjonen” og dette passa godt sidan skulen er med i eit prosjekt med mellom andre SIMAS, renovasjonsselskapet i Sogn, som omhandlar biokol og produksjon og bruk av dette. SJH er med på utviklinga!

Festmiddagen samla deltakarane til eit godt måltid med berre økologiske varer. Matvalget hadde utfordra og veileda hotellet, X Meeting Point, til å servere ein heiløkologisk meny under tida konferansen blei arrangert. Det hadde dei gjennomført, og for dette fekk dei DEBIO sitt gullmerke for serveringa dagane konferansen heldt hus på hotellet. Under festmiddagen fekk vinnaren av SJH sin quiz premien sin: ein kurv med mykje godt i ‒ ein smak av Aurland, med produkt dyrka, produsert og foredla på skulen. I tillegg til Balholm sin fruktdrikk med eple frå skulen sitt eplefelt.
Deltakarane skulle svare på dette spørsmålet: Sogn Jord- og Hagebruksskule har utdanna 2008 agronomar sidan oppstarten i 1917. Kor mange av desse er utdanna agronom i økologisk landbruk?

Og svaret er 349. Om nokre månader aukar talet endå meir!

Etter den vellukka konferansen er det berre å oppmode alle til å ta matjorda på alvor. Økobonde som konvensjonell, ung eller gamal, forbrukar eller produsent: bli med på framtida!