I 2019 gjennomførte Sogn Jord- og Hagebruksskule i samarbeid med NLR eit kurstilbod med god deltaking innan allsidig produksjon av økologisk frukt og bær. Kurset bestod av tre samlingar på ein–to dagar, og mellom samlingane jobba deltakarane med eigne planar, der dei fekk direkte tilbakemelding frå aktuelle fagfolk. Deltakarane var i stor grad tilfredse med kurset.
I siste fase av prosjektet vil det bli utarbeidd eit kurskompendium for allsidig økologisk frukt- og bærdyrking, med vekt på vekstar der ein ikkje finn tilgjengelege dyrkingsmanualar i dag. Norsk senter for økologisk landbruk har eit hovudansvar for dette arbeidet, som skal gjennomførast i nært samarbeid med Sogn Jord- og Hagebruksskule og Norsk Landbruksrådgjeving. Hovudformålet vert såleis å få på plass ein vegleiar / eit kurskompendium for drift av ein slik allsidig produksjon inkludert betraktningar om marknad, sal og det å vere arbeidsgivar/organisere innhausting ved hjelp av innleigd sesongarbeidshjelp.
Dette kompendiet vil kunne kjøpast av dei som er interesserte, og brukast som kurslitteratur ved neste runde med kurs i allsidig økologisk produksjon av frukt og bær.
Bakgrunn
Det er ei vaksande interesse blant forbrukarane for norskprodusert økologisk frukt og bær. Dei få lokalprodusentane av økologiske bær som finst melder om ventelister på å få kjøpe varer frå produksjonen deira, men fleire melder tilbake om kunnskapsmangel og få kolleganettverk for å drive erfaringsutveksling. Etablering av økologiske bærfelt kan vere krevjande og forbunde med stor risiko. Utan erfaring og kunnskap vil nok mange vegre seg for å sette i gang utplanting eller utvide med nye produksjonar.
Vi ser også at det er i ferd med å bli ein todeling av øko-produksjonen av frukt og bær: ein meir intensiv retning med fokus på konsumproduksjon og levering til dagligvarehandel via grossist. Den andre retninga er drift i mindre og meir allsidig skala, kor hovudmålet for produksjonen er å selje direkte frå garden, eller køyre ut varene sjølv til kundar. Vi ser også behov for kunnskap om vidareforedling for direktesal, for på den måten å kunne ta ein større del av verdiskapinga sjølv. Innanfor drikkevarer er det eit heilt eige sett med reglar å forhalda seg til innan emballasjeavgifter og sukkeravgifter.