Syrisk og irakisk kulturkveld på SJH

Dei syriske og irakiske deltakarane frå norskopplæringa på SJH inviterte Vg2 til storslått mat- og kulturkveld i Lundesalen onsdag 4. desember. Dei hadde med seg familiane sine, og Vg2-elevane vart møtt med varme smil både frå dei vaksne og dei sjarmerande barna deira.

Tekst og foto: Sunniva Skeidsvoll

Syrarane og irakarane held på å lære norsk på skulen, og imponerte med å introdusere seg sjølv og barna på vårt eige språk. Enkelte fortalde litt om seg sjølv og familien, og kor lenge dei har budd i Norge. Nokre fortalde korleis dei hadde kome til Norge på grunn av krig. Syrarane delte forskjellige inntrykk gjennom videoar og bilete frå heimlandet. Mellom anna fekk me sjå ein rørande musikkvideo frå Unicef med tittelen Heartbeat. Songen handla om syriske barn som opplever krig, og deira ynskje om fred. Ein av dei vaksne delte ein video frå Aleppo før krigen, byen som familien hans bur i og som han er svært glad i. Seinare på kvelden fekk me høyre den irakiske nasjonalsongen.

Etter kvart byrja den deilege lukta av arabisk mat å leggje seg over Lundesalen. Ein av lærarane introduserte varmretten som fasolia og ris, og kom deretter med ei utdjuping som fekk salen til å le: «Dette er ikkje noko fast food; det kan eg love dykk!» Vidare fortalde ho at det låg mykje arbeid bak maten, og det kunne ein verkeleg kjenne på smaken!

«Dette er ikkje noko fast food; det kan eg love dykk!»

Hakam Alawad var blant dei dyktige kokkane som laga maten denne kvelden.

Arabisk fasolia, ris og fatosj. Nydeleg!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vg2-elevane fekk snakke og verte meir kjende med dei koselege og imøtekommande elevane frå vaksenopplæringa. Dei var like lette å kome i snakk med som barna; Så opne og hjartelege. Det var like god stemning blant både store og små.

Mot slutten av kvelden bidrog Vg2-elevane med eigne innslag av norsk tradisjonsmusikk. Det vart både felespel og fleirstemt koring av “Fager er Jordi”. Alle sat igjen med mange inntrykk, god mat innanbords og nye kjennskap. Me tok farvel med strålande smil, handtrykk og klemmar, og med gode minner frå ein herleg gjeng.

Takk for ein koseleg kveld!

Barna lytta interessert då Nora Wiker frå Vg2 imponerte med innslag av fele.