I faget gardsdrift hadde lærar Bjørg invitert representantar frå Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Norges Bondelag til ein førjulssamtale om landbrukssamvirka.
Ein stor del av undervisninga i faget gardsdrift, som blir undervist i Vg3, handlar om å lære seg korleis det norske landbruket er bygd opp og organisert. Landbrukssamvirka våre er ein viktig del av dette og noko som klassen har lært om og diskutert, og no var tida inne for å høyre kva dei to bondeorganisasjonane hadde å seie om dette. I den siste tida har samvirka sin situasjon blitt pressa frå fleire kantar, og ikkje alle er einige i kva for tiltak dei treff.
Britt Inger Skaar frå Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag og Nils Arne Gjengedal frå Sogn og Fjordane Bondelag fekk høve til å presentere organisasjonane dei representerer. Deretter diskuterte og samtalte dei med klassen om det viktige, men vanskelege temaet. Elevane i Vg3 er engasjerte og hadde mange spørsmål. Sjølv om representantane kanskje ikkje hadde svar på alt, var dei veldig ivrige og fekk opplyst oss om mange ting, både kring landbrukspolitikk og agronomi.
På SJH er vi så heldige å ha elevar som kan stille kritiske spørsmål og prøver å få oversyn over situasjonen, og ein elev blei inspirert av besøket til å skrive eit dikt. Hjartesukket er kanskje òg eit stikk til “dei høge herrer og damer”:
De snakker mye om demokrati og rettferd
men de snakker ikke mye om tendensen til at makt samler seg på pyramidens topp:
De snakker mye om samarbeid og felles interesse
men de snakker ikke mye om at de store vokser på kostnad av de små.
De snakker mye om det frie marked og effektivisering
men de snakker ikke mye om tapet av mangfold og individualisme.
De snakker mye om fritt valg og muligheter
men de snakker ikke mye om tendensen mot monopol.
De snakker mye om å arbeide innenfor systemet
men de snakker ikke mye om hvem som dikterer systemets regler.
De snakker mye om Norge
men de snakker ikke mye om de som har og de som ikke har.
– Jóhannes H.