Bilete frå juleverkstaden

Mange store og små besøkte juleverkstaden som dei driftige elevane på SJH inviterte til fyrste laurdag i advent.

“Denne skal bli ei julegåve!”

Ingen tvil om at lysstøyping var topp. Og det var mange fleire verkstader alle besøkande fekk delta i: lysrulling, kransebinding, epledypping og peparkakebaking, hestekøyring, papirverkstad og spikking. Vi tør påstå at det blir mange fine gåver rundt omkring under juletrea i år!

Stemninga steig også høgt då nokon besøkande småtroll fekk besøke nissen i fjøset. Gleda i augo var ikkje til å ta feil av.

Her følger nokre stemningsbilete frå dagen – så kan du bli freista til å delta neste år!
Klikk på bileta for å sjå dei i stor utgåve.