Det vart fokus på klimaendringar i landbruket både nasjonalt og globalt då Utviklingsfondet besøkte Sogn Jord- og Hagebruksskule tysdag 29. oktober. Dei arbeider med å synleggjere klimaendringar verda over, samt motverke svolt og fattigdom gjennom bønder på småskalanivå.
Tekst og foto: Sunniva Steinsund Skeidsvoll
Utviklingsfondet held for tida på med ein kampanje for å skape bevisstheit, planar og tiltak for å sikre norsk matproduksjon i møte med klimaendringane; ein kampanje som elevane sjølve fekk vere med å skrive under på. På eit større plan ynskjer Utviklingsfondet at Norge skal bidra internasjonalt med å setje klimatilpassing på dagsordenen.
Gjennom dokumentarfilmen «Uår» fekk elevane på SJH sjå korleis klimaet påverkar, og kor hardt det kan ramme, bønder i utviklingsland så vel som heime i Norge. Filmen handlar om bonden Einar Kiserud og hans reise til Malawi i Aust-Afrika. Der møter han menneske som, i likskap med han, er ramma av tørke. Særleg treffande var det kanskje då Kiserud reflekterte kring situasjonen i Malawi, eitt av dei landa som er hardast ramma av klimaendringar, og samanlikna med situasjonen heime i Norge:
Hvis det går dårlig i Norge, har vi ikke nok mat til kyrne […]. Hvis det går dårlig for de malawiske bøndene, har de ikke mat til seg selv.
Takk til Utviklingsfondet for eit engasjerande besøk! Mange gjekk nok heim den dagen med eit breiare perspektiv kring klimaendringar i landbruket på både nasjonalt og globalt nivå.