SJH på BEIT-konferansen

BEIT er ein optimistisk konferanse om landbruk, klima, berekraft og andre tema. Frå SJH reiste seks elevar på eige initiativ for å delta. Dei fekk eit par lærerike og inspirerande dagar i Myrkdalen 17. og 18. oktober.

Tekst og foto: Tord Skrudland Kjeldsen

Konferansen favna breitt, og både deltakarar og føredragshaldarar hadde bakgrunn frå mange ulike felt. Bønder, rådgjevarar, professorar og forskjellige firma frå både inn- og utland presenterte deira svar på utfordringane både landbruket og verda elles står overfor. Ei gruppe elevkollegaer frå jordbruksskulen på Voss fortalde om korleis framtidslandbruket kjem til å sjå ut, og det var kjekt å høyre at dei ser på økologisk landbruk og fokus på jordhelse som ein del av løysinga. I tillegg trakk fleire fram at landbruket må fokusere på regenerative metodar, dyrevelferd og beitebruk.

Eit av hovudfokusa til konferansen var òg fjøsbygg, og korleis desse bør byggast i framtida. Det er tydeleg at tre er på moten, og fjøsplanleggarane som fekk halde føredrag var klare på at dette er vegen å gå. Godt for lommeboka, klimaet og trivselen i fjøset. Ein fekk òg konkrete råd på korleis ein kan forbetre dyrevelferda på garden og korleis dette igjen kan ha god effekt på klimaet.

Som alltid er det spennande å treffe andre bønder og folk i næringa ein kan diskutere med og hente inspirasjon frå. I tillegg merkar vi som SJH-elevar at økoskulen gir kunnskap på topp og gjer oss skikka til å gå inn i bransjen med eit godt oversyn, anten det er som bonde, rådgjevar eller noko anna!

SJH-elevane som deltok på BEIT: Tina, Jannicke, Sif, Frederik, Andreas og Tord.