Økologisk entreprenørskap og samfunnsomstilling

På Sogn Jord- og Hagebruksskule (SJH) har vi dei siste to åra (2017–2019) leda eit Erasmus+ strategisk partnarskapsprosjekt med tittelen «Økologisk entreprenørskap». Målet har vore å styrkja kvaliteten i utdanninga hjå partnarane og fremma utvikling og nyskaping gjennom internasjonalt samarbeid og nettverk. 25.–26. september 2019 var det ope seminar på Kjølelageret i Aurland med fokus på økologisk entreprenørskap og samfunnsomstilling.

Tekst: Jorunn Barane    Foto: Monica Gjesdal Larsen

Korleis kan utdanninga innan økologisk landbruk også synleggjera framtidsvisjonar om berekraftig samfunnsutvikling og omstilling? Elevar og tilsette som kjem til SJH har eit stort engasjement for økologisk landbruk. For mange av oss heng dette saman med eit større spørsmål om utvikling og omstilling til berekraftige lokalsamfunn både i by og bygd. Ei utvikling av økologisk landbruk krev utvikling av omsettingsformer, verdikjeder og verdiar frå jord til bord. Og ei utvikling av berekraftige lokalsamfunn krev økologisk tenking i handtering av landskapet, landbruket, naturforvalting og matvaresystem. Øvst på heimesida vår (www.sjh.no) står det difor ‘økologisk landbruk og berekraftig samfunnsutvikling’.

Ramma kring seminaret

Ressurssenteret ved SJH har dei siste to åra (201719) leda eit strategisk ERASMUS+ partnarskapsprosjekt innafor fagfeltet økologisk entreprenørskap. Fokus for partnarane har vore utvikling av ny kunnskap og praksis innanfor dette fagfeltet. Dei «gode hjelparane» vi har hatt med på laget er Friends of the Earth frå Danmark, der sosialt iverksetteri og sosialt entreprenørskap og Grundtvig sitt verdisyn er sentralt. Schumacher College frå England har bidratt med erfaringar i ecopreneurship frå sine utdanningar og lokale bedriftsnettverk. Senter for miljø- og utviklingsstudier (CEMUS) ved Universitetet i Uppsala er gode på mellom anna studentinvolvering i undervisinga kring klima og miljø. Sist, men ikkje minst, fekk vi med oss Senter for økologisk økonomi og etikk ved Nord universitet i Bodø.

I september 2019 var vi komne til finalen og siste samling i det to-årige partnarskapsprosjektet. Det skulle markerast med ei arbeidsveke som strakk seg heile vegen mellom fjord og fjell i Sogn. På Aurlandsvangen og Kjølelageret vart oppgåva å arrangera eit ope seminar 25. og 26. september med tema «Framtidsmotiv gjennom handverk», der ti ulike verkstader vart førebudde og planlagt. Både 9. klasse ved Aurland barne- og ungdomsskule (ABU), våre Vg3-elevar på SJH, tilsette og lokale var invitert. 70 deltakarar fekk med seg seminaret.

Foredrag og verkstader

I andre etasje i Kjølelageret ute på Odden var det tomme rommet skapt om til foredragssal. Onsdag kveld starta med foredrag om økologisk økonomi og korleis dei i England ved Ruskin Mill arbeidar med stadutvikling og omstilling gjennom handverk og landbruk. Spørsmåla var: Kvifor handverk? Kva verdiar ynskjer vi å skapa gjennom handverk? Kva samspel må til for å utvikle desse verdiane?

Torsdag morgon fekk vi høyra frå Aonghus Gordon om handverket si rolle i danning og utdanning, før vi sjølve sette i gang med å skape gjennom kreativt arbeid med hendene. Deltakarane fordelte seg på ti ulike verkstader ute på Vangen; det var handverksarbeid knytt til leire, skinn, ull, tre, tinn og glasblåsing – men også roing, mathandverk, eplepressing og jordblanding.

 

Etter lunsj hadde vi utstilling, med presentasjon og samtale i plenum om handverkets rolle og spørsmålet om kva denne fine kjølelagerbygninga kan brukast til i framtida. Kan vi sjå framtidsmotiv gjennom det vi har skapt og presentert desse dagane? Refleksjonen til slutt synleggjorde mange gode forslag til felles bruk av huset; ein fornya tankegang som bygger på økologien og materiala i området og fører til handling i klima- og miljøsaka vert sentralt.  Omstilling betyr ein ny måte å tenkja på både i forhold til ressursforvaltning og materielle behov. Oppgåva vert å sleppa dei unge til og å dyrke fram nyskaparane og endringsagentane i dei – i dialog med lokalsamfunnet rundt.

Klikk på bileta for å sjå dei i større utgåve: